Bevart materiell

Lokomotiva vart hogde opp etter nedlegginga av Osbanen i 1935, og såleis eksisterer ingen av dei i dag. Det verserer mange rykte om lokomotiv som vart selde og tekne i bruk andre stader, som Blikkvalseverket i Simonsvik i Bergen, Island og Svalbard. Rykta har sitt utspring i at det i tida rundt nedlegginga av banen var på tale å selja materiell til dei nemnde stadene. Noko sal vart det altså ikkje. Det finst foto som syner «Ulven» under opphogging, og frå både «Ulven», «Bjørnen» og «Os» eksisterer det delar, eit faktum som i seg sjølv indikerer at lokomotiva ikkje vart selde vidare.

To personvogner på jernbanemuseet på Hamar

To heile personvogner frå Osbanen eksisterer på Norsk Jernbanemuseum på Hamar, der dei inngår i museet sitt vesle «Tertitt-tog». Vognene vart totalrestaurerte i 1994-95, og er nydelege å sjå til. Begge vognene er bygde av norske Skabo Jernbanevognfabrik på Skøien i Oslo. Den eldste vogna er ei kombinert passasjer- og konduktørvogn frå 1895. Vogna vart ombygt og fekk postkupe i 1919. Den andre vogna er ei rein passasjervogn frå 1914. Vognene gjekk på Osbanen frå dei vart bygde og til Osbanen vart lagt ned i 1935. Hausten 1935 kjøpte Urskog-Hølandsbanen, den såkalla Tertitten, i alt to personvogner og sju godsvogner frå Osbanen. Urskog-Hølandsbanen vart nedlagt i 1960. Deretter vart dei sju godsvognene frå Osbanen til skrap, medan dei to personvognene saman med ei anna personvogn vart sende til museet på Hamar. Der har dei vore i bruk sidan.

Dei to Osbane-vognene på Jernbanemuseet på Hamar. Til venstre vogn litra CDFo bygd av Skabo Jernbanevognfabrik i 1895, til høgre vogn litra Co bygd av Skabo Jernbanevognfabrik i 1914. Foto i 2015: Per Ivar Tautra.

Vognkasse frå personvogn på lager i Os

Då Osbanen vart lagt ned, vart ein heil vognkasse frå ei personvogn selt til ein familie som budde like nedanfor banetraseen på Kismul ved Kalandsvatnet. Der fekk vognkassen stå på eigen grunnmur, noko som gjorde at kassen klarde seg godt i alle åra som gjekk – heilt til han i 2016 vart henta. Då hadde vognkassen i mange år gjort teneste som leikehytte og uthus. Ei Os-basert foreining som kallar seg Venneforeninga Gamle Osbanen, fekk organisert opplasting og transport, og vognkassen har sidan juli 2016 stått trygt og tørt lagra i det store Lidl-lageret i Os. Vognkassen skal restaurerast. Vognkassen har vore ein rein personvogn med 32 sitjeplassar, og er ei av fire vogner som Skabo Jernbanevognfabrik leverte til Osbanen i 1895.

Vognkassen vart henta på Kismul i 2016. Foto: Jarl A. Aspaker.

Tre halve vognkasser frå 1894

Osbanens Venner har på Stend teke vare på restane av tre halve vognkasser frå dei åtte personvognene som Oldbury i Birmingham i England leverte til opninga av Osbanen i 1894. Dei halve vognkassene som Osbanens Venner har teke vare på, er altså av dei eldste Osbane-vognene og dei einaste som er att av Oldbury-vognene.

Den eine halve vognkassen stod som hytte i Feråsen ved Steinsvik i Fana, til han i 1984 vart henta ut med helikopter. Ein annan halv vognkasse vart henta med lastebil frå ein hage ved Solstrand hotel i Os, der kassen hadde stått som uthus. Den tredje halve kassen stod i mange år som uthus på Lyssand i Os, til Os kommune demonterte kassen med motorsag (sukk!) og la han i flak på eit kommunalt lager. Osbanens Venner fekk i 2017 overta også denne kassen.

To av dei halve engelske vognkassane fotografert på Stend i 1993. Foto: Per Ivar Tautra.
Delar av vognkasse. Foto: Per Ivar Tautra.

Dei eldste vognkassene er unike fordi det ikkje er kjent at det eksisterer vogner som liknar andre stader. Olbury sine vogner til Osbanen var litt lettare enn dei vognene Skabo seinare bygde fleire av, og Oldbury-vognene er Noregs minste boggipassasjervogner. Dei var førebilete og utgangspunkt når Skabo skulle byggja sine første vogner til Osbanen i 1894-95. Idear og trekk vart vidareførde i ein leveranse av vogner Skabo hadde til Urskog-Hølandsbanen.

Meir om den kombinerte passasjer- post- og konduktørvogna som Osbanens Venner ønskjer å restaurera, kan du lesa her. Om prosjektet kan du lesa her.

Dresin

Sykkeldresinen som baneformann Peder Nymark disponerte, vart overteken av Osbanens Venner tidleg i 1970-åra. Banepersonellet på Osbanen måtte betala innskot i dresinane dei sjølv skulle nytta, og Nymark hadde difor krevd å få behalda dresinen då materiellet vart selt til skrap i 1935-36. Av A/S Nesttun-Osbanen sine kassabøker ser me at Nymark betalte for ny dresin i 1925, så me kan leggja til grunn at det er årstalet då den bevarte dresinen var ny. Før den tid hadde Nymark hatt ein pumpedresin. Sykkeldresinen er i dag å finna på Stend stasjon, og vert somme dagar sett ut på sporet.  

Sykkeldresin frå Osbanen.

Delar frå godsvogner

Ingen av godsvognene frå Osbanen er bevart. Dei sju godsvognene som vart selde til Urskog-Hølandsbanen i 1935, vart brende og hogde opp etter at Urskog-Hølandsbanen vart lagt ned i 1960. Av dei attverande godsvognene vart i alle høve ei halv lukka godsvogn nytta som uthus i Os, men ho er for lengst borte. Osbanens Venner fekk i 2010 overta ei dør frå ei slik godsvogn (litra Go). Døra vart funnen inne i ein gamal garasje i Jordmorsvingen i Os.

I ein nedlagt fabrikk i Os dukka det i 2009 opp to hjulgangar med 750 mm sporvidde. Hjulgangane har namnet Decauville inngravert, og må difor stamma frå grusvogner som vart leverte til anlegget av Osbanen i 1890-åra. Decauville leverte ikkje vogner til Osbanen seinare. Osbanens Venner har hjulgangane i dag.

Hjulgangar fabrikert av Decauville.