Stend Helse rundar fem år, og det blir markert med folkefest for heile familien ved Stend stasjon, søndag 14. juni klokka 12.00.
Det blir natursti med premiar, klesbytting av sport- og turklede på klinikken til Stend Helse, og stand på Stend stasjon. Osbanens venner og Fana Ungdomslag samarbeider med Stend Helse om arrangementet. Osbanemuseet er ope frå kl. 11 til 15. Natursti med start på Stend stasjon og avslutning, gratis mat og drikke og trekning av premiar i Fana Ungdomshall.
Osbanemuseet ope i 2026
Osbanemuseet på Stend stasjon vil i sommar vera ope følgjande søndagar, alle frå kl. 11 – 15:
14. juni, 21. juni og 28. juni.
9. august, 16. august, 23. august, 30. august.
Les meir om arrangement under Opningstider.
Stasjonsbygningen blir pussa opp
I midten av april 2026 blei delar av stasjonsbygningen på Stend pakka inn i presennning, og det kom opp stillas langs alle veggane. Det har allereie gått åtte år sidan sist bygningen blei måla utvendig. Behovet for ein ny runde er stort. Men først blir ein del bordkledning bytta. Kledningen på austveggen er i dårleg forfatning. På veggen ut mot sporet blir ein del bord bytta ut fordi dei ikkje har historisk rett profil. Det er byggeigar Vestland fylkeskommune som tingar og kostar arbeidet. Osbanens Venner gler seg over resultatet.

Utforsk Osbanen i flyfoto på Google Maps!
No kan du sjå kvar Osbanen faktisk gjekk på flyfoto. På ei side på Google Maps er Osbanen si senterlinje vist på flyfoto. I tillegg til banen sitt hovudspor er kjende og dokumenterte sidespor innteikna. Representasjonspunkt for alle stasjonane og stoppestadene er plassert på stasjonsbygning eller venteskur. Her kan du zoom inn og gjera deg kjent med Osbanen sin kurverike trasé! Fleire opplysningar vil bli registrert i kartet seinare.
(Publisert 04.02.2025)
Informasjonsskilt ved sporet bak busstoppet på Stend
Informasjonsskilt om Osbanen er sett opp ved jernbanesporet bak busstoppet vis á vis Stend vidaregåande skule.
For nokre år sidan vart den 50 meter lange kurva frå Osbanen restaurert og nytt spor lagt. Sporet skal vera eit minne om die mange kurvene på Osbanen. Mindre enn 50% av Osbanen var rettlinje. Og banen gjekk faktisk akkurat her – Osbanen følgde terrenget i fleire kurver der Fanavegen og gang- og sykkevelvegen i dag går snorbeint fram. Les meir her.


