Teknisk utføring

Nesttun-Osbanen vart prosjektert og stukken som ein bane med 600 mm sporvidde. Ingeniør Nicolay N. Sontum prosjekterte ein bane som skulle verta så billig å byggja som mogeleg: Difor heldt han seg til dei minste tilrådelege verdiane. Osbanen var såleis dimensjonert mykje likt som dei svenske jernbanane med 600 mm sporvidde. Osbanen vart prosjektert slik:

  • Minste kurveradius: 50 m.
  • Planeringsbreidde: 3,00 m.
  • Ballastbreidde: 1,60 m.
  • Sviller: 1,10 m lange
  • Ballasthøgd: 0,30 m.
  • Skjenevekt: 9,5 kg/m.

I 1892, etter eitt år med anleggsarbeid på Osbanen (byggjestart var i mars 1891), vart det vedteke å utvida sporvidda til 750 mm. Føremålet med utvidinga var å kunna få høgare tillaten toppfart.

Berre to parameter vart endra:

  • Svillene vart 15 cm lengre, auka frå 1,10 til 1,25 meter. Auken tilsvarde nøyaktig auken i sporvidde.
  • Ballastbreidda vart auka frå 1,60 til 1,75 meter, dvs. også ein auke tilsvarande auken i sporvidde.

Planeringsbreidda vart derimot verande uendra. Den opphavlege underbygginga vart ikkje råka, men behalden som prosjektert for 600 mm-banen. Kostnadene ville vorte monaleg større om sjølve planeringsbreidda skulle ha vorte auka. Innsparingane ved å byggja ein kurverik bane med smalt profil aukar sterkt når terrenget er kupert, slik som det var der Osbanen vart lagt. På den andre sida ville sjølvsagt anleggskostnadene ha auka tilsvarande kraftig om traseen – sjølve profilet – skulle gjerast breiare. Dermed vart i realiteten banen sitt profil verande som for 600 mm-banen. Det rullande materiellet kunne ikkje gjerast breiare enn for den prosjekterte banen, men måtte behalda profilet til ein bane med 600 mm sporvidde. Linjeføringa vart heller ikkje endra, og banen fekk behalda alle dei krappe kurvene sine.  Nesttun-Osbanen er altså dimensjonert mindre enn samtlege andre norske jernbanar for offentleg transport. Ingen andre banar er prosjektert for 600 mm sporvidde.

Normalprofil for Nesttun-Osbanen – prosjektert versus bygt. Teikning: Per Ivar Tautra.
Osbanen ved Selsvik ved Kalandsvatnet ca. 1898. Foto: N. N. Sontum. Legg merke til at sporet var bygt med klossar som låg inntil skinnene frå utsida.

Nesttun-Osbanen – tekniske data gjeldande per 1895:

Etter nokre år med drift fekk Osbanen større sviller og tyngre skinner. Dei opphavlege skinnene på 9 kg/m var rett og slett for spinkle. Osbanen var sterkt utsett for solslying, og dei spinkle skinnene påførde unaudsynt mykje slitasje på hjula på lokomotiv og vogner. Med større skinner og sviller kunne Osbanen i 1912 auka akseltrykket frå 3,2 til 4,9 tonn.

Nesttun-Osbanen – dimensjonering: