Vognhallen

Vognhallen ved Stend stasjon vart oppført i regi av Osbanens Venner i løpet av 2010 og 2011. I desember 2011 kunne vognhallen takast i bruk.

I prosjektperioden skreiv Osbanens Venner ein eigen blogg om framgangen i prosjektet. Den kan du lesa her.

Osbanens Venner sin sluttrapport for prosjektet i pdf kan du lasta ned her.

Klenodium skulle sikrast

Grunnane for å byggja vognhall var heile tida å få museumsmateriell under tak. Jernbanevogna som sidan 1991 hadde stått på Stend stasjon, er den einaste vogna som er att av dei åtte personvognene som The Oldbury Railway Carriage Works Ltd. i Birmingham, England, bygde til opninga av Osbanen i 1894. Med ei rammelengde på 9,1 meter og oppgjeven eigenvekt 5,94 tonn frå fabrikken skulle vogna vera den minste bevarte boggipassasjervogna frå ein norsk jernbane med offentleg transport!

Å ta betre vare på vogna, som er den siste attverande i sitt slag i Noreg, er viktig. Vogna måtte under tak slik at ho kunne sikrast mot det ustadige vestlandsveret. Hallen gjer det mogeleg å tørka ut vogna, noko som igjen gjer eit betre vedlikehald mogeleg. Vogna har dessutan fått ein god lagringsplass når ho ikkje vert synt fram for publikum.

Det var diverre slik at to problem stadig gjorde seg gjeldande på vogna: Råte og rust. Begge elementa tæra stygt. Mykje ytterkledning måtte skiftast. Samstundes trengte understellet sliping og rustbehandling. Regnet øsar ofte ned i Bergen, og vatn finn som kjent alltid ein veg inn ein eller annan stad. For å redusera forfallet på klenodiet var det viktig å i det minste gi det eit tak å stå under.