Minnesmerke på Skjold

Med opninga av Bybanen byggjetrinn 2 frå Nesttun til Lagunen 21. juni 2013, kom det på nytt skinnegåande transport i Nesttun-Osbanen sitt gamle oppland, nesten 78 år etter at Osbanen vart nedlagt.

To stader kryssar Bybanen Osbanen sin gamle trasé. Der Bybanen går i tunnel frå Nesttun og til forbi Skjoldskiftet, går han delvis under Osbanen. Den andre staden er på Skjold. Tunnelmunninga som ligg like sør for Fana Blikk, ligg like under Osbanen, der den gamle banetraseen går over i Bjørnevegen.

Frå anleggsperioden i 2013. Osbanetraseen ligg over tunnelmunningen, under skjeringa som går ned frå bustadhuset ovanfor. Foto: Ingvard Aam.

Osbanens Venner tok alt i 2013 initiativet til at det burde setjast opp eit minnesmerke på staden der gamal og ny bane møtest på Skjold, som ei markering av utviklinga i den lokale samferdslesoga. Osbanens Venner hadde i 2013 møte med både Bybanen Utbygging og Fana kulturkontor om saka, og tanken var at det kunne etablerast ein liten rasteplass med opplysningsskilt og eit kort spor med Osbanen sin standard i Osbanen si skjering over Bybanetunnelen. Bergen kommune starta seinare arbeidet med reguleringsplan for ny sykkelstamveg på strekninga Skjoldskiftet-Lagunen. I samband med dette arbeidet vart ideen om eit minnesmerke over Osbanen aktualisert, og Osbanens Venner hadde i prosessen dialog med mellom andre Statens vegvesen.

I slutten av november 2018 vedtok Bystyret i Bergen reguleringsplanen for den nye sykkelstamvegen. Gledeleg er det at rasteplassen med eit minnesmerke over Osbanen er teken inn i reguleringsføresegnene.

Den nye, breie sykkelvegen vil mellom Nesttun og Skjold i stor grad gå på Osbanetraseen, som vert monaleg utvida. Osbanens Venner meiner at Osbanen sitt særpreg vert øydelagd ved at den smale traseen vert utvida, men me har ikkje gjeve merknader til tiltaket på strekninga Nesttun-Skjold, då traseen sitt særpreg på denne strekninga fleire stader var øydelagt allereie for mange år sidan.

I planarbeidet er minnesmerke over Osbanen teke inn som avbøtande tiltak, og i planskildringa heiter det mellom anna:

«Både Osbanetraséen og Skjold gård er kulturminner med høy verneverdi. For å minske den negative effekten av tiltaket på disse foreslås følgende kompenserende tiltak inn i planen: Generelt bør det fokuseres på å bevisstgjøre brukerne om at de går eller sykler på den tidligere Osbanen, for eksempel ved hjelp av informasjonsskilt om Osbanen. (…) Foreningen Osbanens venner har foreslått at det i samarbeid med Bybanen og Bergen kommune etableres et minnesmerke over Osbanen, ved den gjenværende skjæringen for Osbanen over Skjoldtunnelen. (…) I denne skjæringen foreslår Osbanens venner å legge ut ca. 20 meter spor med original sporvidde (750 mm) – identisk med sporet fra anlegget i 1894. Ved dette stedet skal det også settes opp et kulturminneskilt eller informasjonsskilt om Osbanen.»

I reguleringsføresegnene står i pkt. 5.9.3 for den aktuelle parsellen i den gamle skjeringa over tunnelmunninga til Bybanen:

«Minnested for Osbanen. Område o_AVG13 skal opparbeides som informasjonssted om den tidligere Osbanelinjen, i samarbeid med Osbanens venner. Det skal minimum etableres en kort skinnegang, benk og informasjonstavle. Området skal ferdigstilles samtidig med tilhørende sykkelveg.»

Utsnitt av reguleringsplanen for sykkelstamvegen. Arealet merka o_AVG13 er avsett til minnesmerke for Osbanen.

Osbanens Venner ser fram til å få vera med på å utforma minnesmerket på Skjold. Tanken er mellom anna at det på informasjonstavla skal vera med ei teikning som syner skilnaden i profil mellom Osbanen og Bybanen.