Lokomotiv og vogner

Oversikt over lokomotiv på Nesttun-Osbanen

Anleggslokomotivet «Stend» eller «Rotten»

Det minste lokomotivet var det første som kom til Osbanen, levert frå Decauville i Frankrike i mai 1893. Lokomotivet skulle heita «Stend», men var levert uten navneskilt, og namnet «Stend» vart etter kvart gløymt. I stedet byrja Osbanen sine folk å kalla loket for «Rotten». «Rotten» var kjøpt for å køyra grus i anleggsarbeidet, men det skulle òg nyttast i mindre tog i den ordnære drifta. I dei største stigningane på Osbanen kunne loket trekkja 42 tonn, mot 53 tonn for Mallet-lokomotiva. «Rotten» vart lite brukt etter anleggsperioden, og stod for det meste i reserve. Truleg var loket ikkje i bruk etter 1899. I 1906 vart loket selt til Thamshavnbanen. På nyåret 1907 vart loket ombygt til 1000 mm sporvidde ved Laxevaags Værk, før det vart sendt nordover. På Thamshavnbanen gjekk loket under navnet «Kvenna» eller «Kaffekvenna», og vart også der nytta som anleggslokomotiv. Det trakk òg det første kistoget på banen 17. november 1907. Seinare vart loket nytta som skiftelok. Loket vart forsøkt selt i 1917 og 1918, men seinare lagnad er ukjend.

Lokomotivet «Rotten» med anleggsarbeidarar på Osbaneanlegget vinteren 1894. Foto: N. N. Sontum.

Dei tre Mallet-lokomotiva «Bjørnen», «Ulven» og «Os»

To 12 tonns lokomotiv av typen Mallet vart tinga frå den belgiske fabrikken Ateliers de Tubize. Lokomotiva skulle heita «Bjørnen» og «Ulven». Dei vart fyrde opp på Os i slutten av oktober 1893. Det eine lokomotivet, «Ulven», vart nytta til gruskøyring i anleggsperioden.

Hausten 1894 vart det tinga eit tredje Mallet-lokomotiv. Det vart levert til Osbanen i mai 1895. Det nye lokomotivet, som fekk namnet «Os», var bygt etter dei same teikningane som dei to første lokomotiva, men med innebygt førarhytte. Osbanen hadde sjølv bygt inn førarhyttene på «Bjørnen» og «Ulven».

Lokomotivet «Ulven» med to unge pussarar på Osøren ca. 1897. Foto: Gerhard Berg.

Dei tre Mallet-lokomotiva var hovudlokomotiv og stod for det aller meste av trafikken på Osbanen så lenge banen var i drift. Osbanen sine tre lok var dei einaste Mallet-lokomotiva som har vore i Noreg.

Mallet‑lokomotivet har to maskineri. Kvart maskineri har to sylindrar som driv to driv‑akslar. Det bakre maskineriet var ein del av lokomotivet si faste ramme, der førarhytte, kjel og vanntankar var festa. Kjel og vanntankar kvila på ei glideflate på den framre ramma. Denne var i bakkant hengsa til den faste ramma. Såleis fungerte det framre maskineriet som ein stor svingbar boggi. Fordelane med Mallet‑lokomotivet var for det første at det kunne forsera svært krappe kurver, med redius heilt ned i 20 meter. For det andre hadde det heile vekta som adhesjonsvekt utan at akseltrykket vart høgare enn tre tonn. Akseltrykket var dessuten likt fordelt på alle fire akslane.

Det store lokomotivet «Baldwin»

På grunn av stor trafikkauke kjøpte Osbanen eit nytt lokomotiv under første verdskrigen. Eit nytt lokomotiv kom i juli 1917 til Os, levert frå The Baldwin Locomotive Works, Philadelphia i USA. Lokomotivet fekk ei totalvekt på heile 20 tonn, og kunne trekkja tog på heile 46 akslar, mot berre 26 for eit av Mallet‑lokomotiva. Lokomotivet skulle heita «Stend», men fabrikken fekk meldinga for seint, loket vart levert utan namneskilt, og i daglegtalen var det berre heitande «Baldwin» eller «Baldevin». Lokomotivet var for stivt og tungt for Osbanen. Det førde til sterk slitasje på både skinnegang og underbygning. Lokomotivet gjekk dessutan ujamnt og pressa difor på skinnene. Loket var dessutan for langt til å kunna dreiast på svingskiva på Nesttun. Loket vart difor alltid køyrande med fronten mot Nesttun, og bakka alltid på turen frå Nesttun til Os. Loket var også uøkonomisk i drift. Som følgje av dette vart «Baldwin» nytta minst mogeleg, og var helst å sjå berre på dei største utfartsdagane.

Personvognene

Til opninga av Osbanen vart det levert frå The Oldbury Railway Carriage and Wagon Company Ltd. i Birmingham i England åtte personvogner:

  • 4 stk. 3. klasse personvogner med 32 sitteplasser (litra Co)
  • 2 stk. 2. og 3. klasse personvogner med 32 sitteplasser (litra BCo)
  • 2 stk. 3. klasse og konduktør/reisegodsvogner med 19 sitteplasser (litra CFo)

Vognene var bygde med vogner i katalogen til franske Paul Decauville som førebilete, men ein del modifikasjonar vart gjort.

Hausten 1894 tinga Osbanen frå Skabo Jernbanevognfabrik i Oslo:

  • 2 stk. 3. klasse personvogner (litra Co)
  • 1 stk. 2. og 3. klasse personvogn med (litra BCo)
  • 1 stk. 3. klasse og konduktør/reisegodsvogn (litra CFo)

Vognene frå Skabo vart leverte våren 1895. Skabo bygde dei nye vognene i same dimensjonane og med same innreiinga som vognene frå Oldbury. Skabo-vognene skilde seg likevel godt ut fråd ei engelske vognene. Skabo sine vogner var kledde med lakkert teak utvendig, medan dei engelske vognene hadde mala bordkledning. Skabo leverte ytterlegare ei rein tredjeklassevogn i 1907 og to tilsvarande vogner i 1914. Alle vognene var like, med berre små modifikasjonar på dei nye vognene i 1907 og 1914.

Leveranse-foto av Skabo-vogn på Os stasjon i 1895.

Samtlege personvogner hadde skyvedører som førde ut til opne plattformer i begge endane. Co‑vognene inneheldt eitt stort rom, medan BCo‑vognene var delte i to kupear. Den største kupeen var innreia til 3. klasse, medan det var 2. klasse i den minste. Mellom kupeane var det skyvedør. På 3. klasse var det vanlege trebenkar. På 2. klasse var det tredd løse puter utanpå benkane. Putene var fylte med hestehår, og hadde burgunderraude plysjtrekk.

CFo‑vognene var inndelte i to avdelingar på same måten som BCo‑vognene, men hadde konduktør/ bagasjerom i staden for 2. klasse. Dessutan hadde CFo‑vognene hengsla dører utan vindauge mellom kupeane. Konduktørrommet hadde dessutan skyvedører for inn‑ og utlasting av reisegods på begge langsidene.

Postekspedisjon vart oppretta på Nesttun-Osbanen i 1919. To av CFo-vognene vart då bygde om. Passasjeravdelingane i begge vognene vart mindre, medan det vart bygt ein liten postkupé i kvar av vognene.

Personvogn litra BCo bygt av Oldbury i 1894. Teikning: Sverre Mo.
Personvogn litra BCo bygt av Skabo Jernbanevognfabrik. Teikning: Sverre Mo.

Godsvognene

Til bygginga av Osbanen vart det kjøpt fire opne boggivogner frå The Oldbury Railway Wagon and Carriage Company Ltd. i Birmingham. Vognene vart leverte hausten 1893, og vart tekne i bruk til gruskøyring i anleggsperioden. Vognene var bygde for permanent bruk, og inngjekk sidan i Osbanen sin godsvognpark frå banen kom i drift og til han vart lagt ned.

Ei av vognene vart forsynt med jernstakar og gjekk som stakevogn, medan to vogner fekk påbygt 1 meter høge, opne kasser. Den fjerde gjekk som lukka boggigodsvogn.

Seks kassevogner av standard katalogtype frå Orenstein & Koppel vart leverte vinteren 1894. Vognene hadde skrubrekk og plattform for bremsaren i den eine enden. Vognene vart først nytta til gruskøyring, sidan til annan godstransport, men i seinare år kun gruskøyring.  

Dei ovanfor nemnde ti vognene utgjorde godsvognene på Osbanen då banen vart sett i drift. I tillegg hadde banen tre små grusvogner som ikkje var forsynte med bremser og som ikkje kunne framførast i ordinære tog.  

Skabo Jernbanevognfabrik i Oslo bygde ei ny lukka boggigodsvogn til Osbanen i 1905. Vogna var forsynt med tre dører på kvar side, forutan ventilasjon, då vogna skulle kunne nyttast for passasjertransport om sommaren. Skabo leverte så to lukka lassevogner (litra G) i 1906, og deretter ei open kassevogn (litra L) i 1907. På grunnn av verdskrigen var det vanskeleg å få bygt nye vogner. Først 1921 fekk Osbanen nye vogner. Linke‑Hofmann Werke i Breslau leverte då ei lukka toaaksla godsvogn og ei boggi stakevogn.

Ved nedlegginga av Osbanen eksisterte framleis alle vognene, med unnatak av den eine vogna frå Orenstein & Koppel. Nummereringa av vognene indikerer at den eine vogna må ha vore utrangert før 1920.

I midten G-vogn bygt av LInke Hofmann Werke i 1921, til høgre L-vogn bygt av Skabo i 1907. Til venstre ser me enden av anten Go bygt av Skabo i 1905 eller Go som Osbanen sjølv hadde bygt opp på ei av boggivognene frå Oldbury frå 1893. Foto: Jonas R. H. Landmark.
Teikning: Sverre Mo.
Teikning: Sverre Mo.