Stasjonar og stoppestader

Osøren stasjon

Avstand frå Nesttun:     26,3 km
Høgd over havet:            3,0 m

Osøren stasjon hadde i 1894:

  • Stasjonsbygning med venterom, ekspedisjon, kontor og husvære for to av banen sine funksjonærar med familiar.
  • Lokomotivstall med plass til to lokomotiv.
  • 40 meter lang vognhall med plass til åtte personvogner.
  • Godshus på 9 x 3 meter.
  • 2 doar og pissoarar.
  • Svingskive, kolbinge og vannstender.

Vognhallen hadde ikke veggar, men ei rekke flotte søyler av tre som heldt bølgeblikktaket oppe. To spor gjekk gjennom hallen. Hallen vart forlenga etter kvart som banen fekk fleire personvogner, slik at han i 1915 gav plass til i alt 14 vogner. Godsvogner vart plasserte på sporet som gjekk langs utsida av hallen.

Hausten 1895 vart det oppført ein liten lokomotivstall for Osbanen sitt minste lokomotiv, ”Rotten”. I 1907 vart denne stallen, som vart omtala som «Rotteskuret», riven. Ein vognverkstad vart oppførd på same staden.

I 1920 vart den store lokomotivstallen forlenga. Han gav dermed plass til samtlege av banen sine fire lokomotiv. Nytt og større godshus med ei grunnflate på 38 m2 vart bygt i 1924.

Det var lagt jernbanespor ut på dampskipsbrygga, det såkalla sjøsporet. Etter at banen hadde oppnådd fast korrespondanse med dampbåtane i 1920, vart det dagleg skifta ei godsvogn ned på brygga for henting av mjølkespann frå dampbåtane.

Det var trongt på stasjonsområdet. Stasjonen lå inneklemt mellom sjø og fjell, så eventuelle utvidingar av arealet ville blitt kostbare.

Os stasjon ikring 1898. Foto: N. N. Sontum.

Kuven stasjon

Avstand frå Osøren:      1,0 km
Høgd over havet:            22,5 m

I 1894 vart det på Kuven oppført ei billettbu. Identiske billettbuer vart samstundes bygde på Søfteland, Hamre, Fana og Skjold. Etter nokre år vart bua på Kuven erstatta av eit venteskur. Kuven var frå 1894 betjent for ekspedisjon av reisande og gods, men ekspedisjonen opphøyrde frå 1. januar 1903.

Kuven stasjon ikring 1904. Foto frå boka «Solstrand» av O. W. Fasting (1905).

Ulven stasjon

Avstand frå Osøren:      3,0 km
Høgd over havet:            43,0 m

Til opninga av Osbanen vart det her bygt ein banevaktarbustad i to etasjar av same typen som på Kalandseid, Stend og Rådal. Desse bygningane fekk som tilbygg eit vedskur på 2 x 4 meter. Dessutan vart det på desse fire stasjonane òg sett opp do og pissoar av same typen som på Osøren.

På grunn av at store delar av stasjonsområdet på Ulven bestod av ei fleire meter djup myr, ville det verta svært kostbart å drenera og masseutskifta til å kunna setja opp stasjonsbygningen. I staden vart bygningen plassert på fast grunn. Han vart difor liggjande unormalt langt frå jernbanesporet.

Kryssingsspor vart bygt vinteren 1895, godshus i 1898. Ulven var av‑ og påstigingsstasjon for soldatane i Ulven leir, og troppetransportane var i mange år ei viktig inntektskjelde for banen. I tillegg til soldatar utgjorde òg besøkjande til leiren eit stort tal reisande. Etter pålegg frå Forsvaret bygde Osbanen i 1897 ein 25 meter lang lasterampe til militærtransportane. Forutan bagasje vart det mellom anna frakta ein god del våpen til og frå leiren.

I 1920-åra slutta dei militære å reisa med toget, og trafikken over Ulven stasjon vart etter kvart temmeleg liten. Ekspedisjonen vart nedlagt frå 1. desember 1934.

Stasjonsbygningen står fremdeles. Den er noe modernisert, og brukes i dag som privat bolig.

Ulven stasjon 1919. Foto: Kaptein Tang, NGO.

Søfteland stasjon

Avstand frå Osøren:      8,0 km
Høgd over havet:            56,0 m

I 1894 vart det på Søfteland oppført billettbu og lagt eit kort buttspor. Kryssingsspor vart bygt i 1895, og buttsporet vart då fjerna. To år seinare vart det oppført eit godshus, som òg kunne nytast som venterom for dei reisande når veret var dårleg. Skogbrukslaget sin planteskule på Eikhaugen forårsaka stor trafikk over stasjonen, og klaga difor ofte over puslete tilhøve på stasjonen. I 1910 vart det difor bygt eit nytt hus med ei samla golvflate på 63 m2, innehaldande venterom, kontor og godshus i flukt. Skogbrukslaget bidrog med 200 kroner til bygningen. I 1911 vart det bygt eit tilbygg med innmålingshus for mjølk.

Baneformann og stasjonsekspeditør Carl August Johannesen (Johansson) starta både landhandel og bakeri i sitt eige hus like ved stasjonen. Der heldt òg Søfteland postopneri til.

Søfteland stasjon 1920. Foto: Kaptein Tang, NGO.

Kalandseid stasjon

Avstand frå Osøren:      11,2 km
Høgd over havet:            75,5 m

Kalandseid var høgaste punktet på Osbanen. Stasjonen var plassert midt i ei lang kurve med radius 50 meter. Stasjonen kunne ikkje plasserast lenger sør, då stigninga på sporet der ville blitt for sterk. Nærare Kismuld ville dei heller ikkje plassera stasjonen, då dei i så fall hadde måtte kosta store planeringsarbeid og i tillegg byggja veg fram til stasjonen. Rimelegaste alternativet vart valt, altså ved den krappe kurva. Det har vorte fortalt at stasjons­bygningen ikkje kunne plasserast ut mot kurva, då ein var redd for at toga ikke ville klare å koma i gang att etter å ha stoppa, på grunn av kurvemotstanden. Stasjonsbygningen og plattformen vart difor i staden vendt ut mot buttsporet. Dei første åra køyrde alle toga ned i buttsporet for å ta med og setja av reisande. Deretter bakka dei ut på hovudsporet. Buttsporet vart elles nytta av Fane Gjødselkompagni, som hadde lasterampe og opplagsplass for gjødsel og boss i enden av sporet, som på folkemunne vart heitande «Møkasporet».

I 1908 vart stasjonsbygningen flytta til Fana stasjon. På Kalandseid bygde dei samstundes eit nytt ekspedisjonshus i ein etasje. Huset inneheldt billettkontor, venterom og godshus. Nytt ekspedisjonshus og plattform vende ut mot kurva i hovudsporet.

Bergens Meieribolag bygde ikring 1916 ishus og hus for innmåling av mjølk.

Postopneri heldt til i stasjonsbygningen til 1908. Då bygningen vart flytta til Fana, flytta postopneriet inn i huset til handelsmann Espetvedt.

Kalandseid stasjon vinteren 1907. Hovudsporet svingar mot venstre.

Kismul stoppestad

Avstand frå Osøren:      13,6 km
Høgd over havet:            64,0 m

På Kismul var det opphavleg ikkje planlagt stasjon eller stoppestad, men i desember 1894 søkte nokre oppsitjarar på Kismul om å få ein permanent stoppestad. Kismul stoppesta vart teken i bruk i løpet av 1895. På Kismul vart det aldri oppført nokon bygning, kun bygt ei kort plattform.

Hamre stasjon

Avstand frå Osøren:      16,4 km
Høgd over havet:            54,0 m

På Hamre vart det i 1894 sett opp ei billettbu av same typen som på dei andre stasjonane. Pissoar kom på plass i 1896. I 1912 vart billettbua erstatta av eit venteskur. I 1919 bygde Meieribolaget hus for innmåling av mjølk.

I 1898 fekk Hamre stasjon eit 60 meter langt buttspor for togkryssing. Sporet vart forlenga med ytterlegare 15 meter eit par år seinare. Kryssing skjedde ved at toget som kom frå Os, køyrde inn på sidesporet medan toget frå Nesttun passerte på hovudsporet. Deretter måtte toget frå Os bakka ut på hovudsporet att.

Hamre var dei første åra betjent for ekspedisjon av reisande og gods, men ekspedisjonen opphøyrde frå 1. januar 1903.

På Hamre vart det hausten 1894 sett opp eit vanntårn til å fylla lokomotiva med vatn frå. Tårnet vart fylt ved hjelp av ei handpumpe, og pumparen fekk 50 øre dagen. Vanntårnet var dyrt i drift, og frå 1897 var det ute av bruk. Det var fjerna før århundreskiftet. Seinare var Hamre fast vannstasjon, lokomotiva stod då på brua og pumpa vatn opp frå elva ved hjelp av damptrykket.

Hamre stasjon ikring 1898. Banevaktar og ekspeditør Olaf Fredriksen med flagg. Legg merke til vannstårnet i bakgrunnen. Foto: N. N. Sontum.

Fana stasjon

Avstand frå Osøren:      17,7 km
Høgd over havet:            53,0 m

Etter at Osbanen våren 1894 hadde fått søknad frå 66 innbyggjarar på Fana om å få ein stoppestad på Fanamyra, vart det til opninga av Osbanen bygt ein stoppestad med billettbu.

I 1908 vart vaktarbustaden frå Kalandseid sett opp på Fans, og frå november same året var det ekspedisjon her. Godshus kom på plass i 1920. Fanamyren Brevhus låg i stasjonsbygningen, og var i drift frå 1925 til 1934.

I 1926 vart det bygt svingskive og kryssingsspor for å kunna køyra lokaltog mellom Nesttun og Fana. Lokaltog vart det ikkje noko av, og svingskiva vart lite brukt.

Ved Fana stasjon hadde Osbanen ein større eigedom, «Jernbanestykket». Her var det dyrkamark med både låve og fjøs. Ekspeditøren som budde i stasjonsbygningen, var fekk bruka jordstykket.

Fana stasjon 1908. Foto: Steinkopf Wold, Stavanger.

Solbakken stoppestad

Avstand frå Osøren:      18,8 km
Høgd over havet:            53,0 m.

Solbakken stoppestad vart oppretta etter vedtak 1. april 1927, etter søknad frå innbyggjarar i nærleiken. Solbakken fekk ei kort plattform og eit lite venteskur.

Stend stasjon

Avstand frå Osøren:      19,7 km
Høgd over havet:            60,0 m

Til opninga av Osbanen i 1894 oppført banevaktarbustad, vedskur og do av samen type som på Ulven, Kalandseid og Rådal. Stend var den første stasjonen på Osbanen som fekk kryssingsspor; i august 1894. Ovanfor stasjonen vart det hausten 1897 opparbeidd reservoar for vatn til lokomotiva. Postopneri heldt til i stasjonsbygningen frå 1894.

I 1897 bygde stasjonsekspeditør Lars Arne eit bryggjarhus på oppsida av sporet. Huset romma både vedlager, vaskerom og grue. Osbanen kjøpte huset av enkja etter Arne i 1904. Godshus vart bygt i 1909. Godshuset romma òg innmålingsstasjon for mjølk.

Rådal stasjon

Avstand frå Osøren:      22,0 km.
Høgd over havet:            42,0 m.

Til opninga av Osbanen i 1894 vart det bygt vaktarbustad, vedskur og do. I 1919 vart det oppført eit lite innmålingshus for Bergens Meieribolag. Fire år seinare bygde Osbanen godshus på 6 x 3 meter, vegg i vegg med meierihuset. Brevhus var i drift frå 1906 til 1921 og låg i stasjonsbygningen. Det same gjorde postopnieret som vart oppretta i 1924. Frå 1. juni 1931 opphøyrde ekspedisjonen på Rådal stasjon.

Rådal stasjon. Gamalt postkort.

Skjold stoppestad

Avstand frå Osøren:      24,8 km
Høgd over havet:            52,0 m

På Skjold vart det i 1894 oppført ei billettbu av same type som dei andre billettbuene. Billettbua vart i 1908 erstatta av eit venteskur.

Nesttun stasjon

Avstand frå Osøren:      26,3 km
Avstand frå Bergen:       9,34 km (inntil 1913)
Avstand frå Bergen        9,76 km (etter 1913)
Avstand frå Oslo:         482,54 km
Høgd over havet:            31,4 m

Nesttun var oppretta som stasjon allereie 11. juli 1883, då Bergen‑Vossbanen opna. Då Osbanen opna 11 år seinare, vart Nesttun fellesstasjon for begge banane, men Osbanen måtte betala leige til statsbanane for sin del av utgiftene på Nesttun.

Osbanen hadde ikkje eigne bygningar på Nesttun. Av spor hadde Osbanen gjennomgåande kryssingsspor og eit kort buttspor til ei svingskive. I 1895 vart omlastingssporet bygt, eit buttspor som vart nytta når gods skulle lastast om mellom toga på grunn av skilnaden i sporviddene. NSB sitt personale utførte både omlasting og ekspedisjon. Osbanen hadde ingen fast tilsette ved Nesttun.

Statsbanane sin første stasjonsbygning stod på austsida av spora og var oppført til opninga av Vossebanen i 1883. Stasjonsbygningen vart plukka ned i 1904 og sett opp att på Ygre stasjon i Raundalen, der han framleis står. Ein ny og større bygning vart sett opp på vestsida av stasjonsområdet.

Vossetog til venstre, Osbanen til høgre. Fotoet er teke ikring 1906, og det er den nye stasjonsbygningen me ser til høgre. Foto: O. Svanøe.