Osbanens Venner

Osbanens Venner er ei upolitisk og ideell foreining som på frivillig basis arbeider for å ta vare på det som finst av minne frå Osbanen. Osbanens Venner jobbar for å registrera og ta vare på både foto, gjenstandar og historiske opplysningar. Me jobbar dessutan for vern av det som er att av banetraseen, og har fleire gonger gjeve innspel til styresmaktene i samband med regulering eller bygging som kan ha konsekvens for traseen.

Sidan 1987 har Osbanens Venner hatt leigekontrakt med Hordaland fylkeskommune for gamle Stend stasjon, og frå 1994 har foreininga hatt eit lite museum i stasjonsbygningen.

Osbanens Venner vart formelt stifta i januar 1976 og har i dag over 80 medlemer. Om lag ti av medlemene kan reknast som aktive.

Osbanens Venner mottek ikkje fast offentleg støtte, og kontingenten frå støttemedlemene er ei viktig inntektskjelde for drift av foreininga og Stend stasjon. Dei andre viktigaste inntekstkjeldene er grasrotmidlar og inntekter frå sal av vaflar, kaffi og suvenirar frå opne dagar på Stend stasjon.

Dei aktive i Osbanens Venner driv på dugnad løpande vedlikehald av stasjonsbygningen, vognhall og stasjonsområdet. Dei er dessutan omvisarar når Stend stasjon er open for besøkjande. To gonger i året får alle medlemene tilsendt informasjonsskrivet «Osmerro». Ein eller to gonger i året vert det arrangert medlemskveldar eller turar for medlemene.

Det er ofte dugnadskveldar på Stend stasjon. Her møtest medlemer til aktiv innsats, eller til uformelt sosialt samvere eller ein drøs. Er du interessert i å møta oss, så send gjerne ein e-post – og du kan få meldingar om når det vil vera folk til stades på stasjonen.

Sporlegging på dugnadsøkt på Stend i 2016. Foto: Per Ivar Tautra.

Styret i Osbanens Venner i 2023:

Leiar: Ingvard Aam
Styremedlemer: Åsmund Bjordal
Rune Tyse Helland
Geir Øyvind Berg
Jarl A. Aspaker

Osbanens Venner, Postboks 87 Fana, 5859 Bergen

obv krøllalfa osbanen.no

org.nr. 993824712
bankkonto 3414.18.00738