Traseen

Alle jernbaneskjenene i banetraseen Nesttun-Os vart fjerna i løpet av hausten 1935 og det påfølgjande året. Likevel har store delar av Osbanen sin trasé overlevd fram til i dag.

I 1980 vart størsteparten av Osbanen sin gamle trasè innanfor Fana kommune regulert til gang- og sykkeveg. Store delar av traseen er seinare rusta opp og asfaltert. I dag er det mogeleg å nytta Osbanen som sykkelveg samanhengande frå Nesttun til Kalandseid. Heile strekninga er asfaltert. 6,1 kilomter av strekninga er nytta til bilveg i kombinasjon med sykkelvegen, men det dreier seg om lite trafikkerte vegar.

Nesttun – Skjold

Ut frå Nesttun stasjon har Osbanetraseen forsvunne som resultat av store vegprosjekt i fleire omgangar, sist ved utbygginga av Bybanen byggjetrinn 2 til Lagunen. For å få plass til den store rundkøyringa ved Midtun skole vart det sprengt ut mykje fjell mot vest. Dermed forsvann banetraseen. Hadde banen eksistert i dag, hadde han gått i lause lufta over rundkøyringa. Ved Skjoldskiftet måtte banetraseen vika for Bybanen. Gang- og sykkelvegen har fått ny trasé.

Vidare oppover mot Skjold går gang- og sykkelvegen i Osbanen sin opphavlege trasé opp til tunet som tilhøyrer Fana Blikk. Like aust for Fana Blikk gjekk Osbanen i kurve der Fanavegen i dag går. Osbanen gjekk over i det som er Bjørnevegen på staden der gangbrua er i dag.

Skjold – Rådal

På staden der brua for gang- og sykkelvegen treff fjellet ovanfor tunnelmunninga til Bybanen, ligg gang- og sykkelvegen på Osbanen sin trasé. Traseen går over i Bjørnevegen, som du kan du følgja på banetraseen gjennom bustadområda på Skjold og Apeltun sørover til søre enden av Apeltunvatnet. Der går banetraseen over i Krohnåsvegen.

Apeltunfyllinga. Fyllinga er bygt opp i naturstein. Betongen er lagt på som forsterking i nyare tid.

Fyllinga vest for Apeltunvatnet er den største – i alle høve høgste – fyllinga på Osbanen. Jernbanesporet låg om lag ti meter over botnen av fyllinga, som er eit særmerkt og godt gjenkjenneleg inngrep i terrenget. Fyllinga vert ekstra særmerkt på ein bane som elles var prega av små inngrep fordi banen skulle byggjast på rimelegaste måten.

Frå Apeltunfyllinga og sørover til enden av Apeltunvatnet går banen som gang- og sykkelveg. Her er banen sitt profil intakt. Gjennom Krohnåsen er traseen utvida i breidda.

Minste kurveradius på Osbanen var 50 meter, minste kurveradius på jernbane for offentleg transport i Noreg. Osbanen hadde fem kurver med radius 50 meter, og heile tre av dei finst på strekninga langs Apeltunvatnet. Sjølv om banetraseen er godt utvida i det som no er Krohnåsvegen, er linjeføringa uforandra og dei krappaste kurvene, som kanskje det fremste eksponent for Osbanen sitt særpreg, er godt synlege. Her ser me òg godt korleis Osbanen ikkje gjekk kortaste ruta, men følgde terrenget. Banen skiftar retning fleire gonger på den korte strekninga.

Mellom Krohnåsvegen ved Laguneparken og Rådalslien går Osbanen som kombinert gang- og sykkelveg og tilkomstveg til nokre få bustader. På denne strekninga finst det fleire høge skjæringar frå banen si tid.

Rådal – Stend

Frå Rådal stasjon og opp gjennom Rådalen til like sør for innkøyringa til Fana Stein & Gjenvinning har gang- og sykkelvegen lege på Osbanetraseen. Opp dalen gjekk banen med maksimal stigning, 1/50. Ettersom banen på same strekninga gjekk i fleire kurver, var dette ei av dei desidert tyngste strekningane lokomotiva på Osbanen måtte trekkja vognene opp.

Den landlege idyllen som i mange år har prega Rådalen er borte. Ei stor byggjegrop for det som skal verta eit svært kryss for den nye E39, pregar dalen. Framom munningane for tunnelløpa som kjem frå Endalausmarkjo i Os er Osbanetraseen sprengt vekk. Her er det i staden støypt ei bru. Brua har fått høgd og kurvatur som tilsvarar den vekksprengde banetraseen, for å ivareta den særmerkte traseen.

Traseen vidare oppover dalen ligg som før, men er sterkt prega av anleggsverksemd tett inntil.

Langsmed jorda på Stend vidaregåande skule (landbruksskulen) går både Fanavegen og gang- og sykkelvegen i dag beint fram. Her gjekk Osbanen i fleire kurver og kryssa vegen fleire gonger, før han svingde krapt mot venstre og gjekk inn mot Stend stasjon. Bak busstoppet aust for skulen ligg det eit rekonstruert jernbanespor. Sporet viser kvar Osbanen faktisk gjekk – i ei kurve der vegane i dag heilt naturleg går rett fram. Meir om det rekonstruerte sporet kan du lesa her.

Stend – Hamre

Ved Stend stasjon var det gjennomgåande kryssingsspor. Gang- og sykkevegen går i dag i traseen for det eine sporet, medan sporet som låg nærast stasjonsbygningen, er rekonstruert av Osbanens Venner.

Frå Stend stasjon går Osbanen austover som gang- og sykkelveg ca. 700 meter i ei nokså bratt helling ned mot Bergheim. Her møter banetraseen krysset mellom Titlestadvegen og Kvernabekkvegen. Vidare herifrå, langs Stendavatnet og vidare heilt fram til Klokkarvatnet er Kvernabekkvegen lagt på jernbanetraseen. Lokalt går vegen under namnet «Linjen». Uttrykket «Å bu på Linjen» oppstod i etterkrigsåra då mange hus i området vart bygde. Det låg då framleis sviller att fleire stader og minna folk om kva funksjon tilkomstvegen deira tidlegare hadde hatt.

Langsmed Klokkarvatnet går Osbanen som gang- og sykkelveg fram til Hamre stasjon. Like før stasjonsområdet passerer du over Hamre bru, som med eit spenn på åtte meter var ei av dei to lengste bruene på Osbanen.

Hamre – Kismul – Kalandseid

Frå Hamre til Kalandseid er det bygt gang- og sykkelveg på banetraseen. Strekninga frå Selsvik ved Kalandsvatnet og fram til Ytre Sandvika vart opparbeidd til sykkelveg i 2002 og høgtidleg opna i april 2003. I 2008 vart sykkelveg opna på traseen ytterlegare om lag ein kilometer langs vatnet, forbi Kismul. Og få år etter kunne traseen vidare til Kalandseid opnast som gang- og sykkelveg.

Gang- og sykkelvegen ligg på den opphavlege banetraseen på det meste av strekninga. Eit unnatak er ei kortare strekning ved Kismul. Der er gang- og sykkelvegen lagt inntil køyrevegen av omsyn til at banetraseen går gjennom hagar og det er bygt ei hytte midt i traseen. Ved Framnes var det òg naudsynt å leggja gang- og sykkelvegen utanom den opphavlege traseen over ei kortare strekning.

Gang- og sykkelveg på ei fin, gamal fylling frå Osbanen, på ei rettstrekning ved Kismul. Foto: Per Ivar Tautra.
Fleire stader på strekninga finst det små stikkrenner og kulvertar bygde i naturstein. Foto: Per Ivar Tautra.

Kalandseid – Søfteland

Frå Kalandseid går traseen i meir urørd form nedover mot Røykenes og kommunegrensa. Banetraseen er her ikkje opparbeidd til gang- og sykkelveg, men ligg som ein privat grusveg i lia eit godt stykke ovanfor E39. På delar av strekninga fungerer han som tilkomstveg til hus i området. På siste strekninga før kommunegrensa går banen gjennom innmark. Ei løe er bygt midt i traseen på Bahus. Eit stykke lenger sør går traseen gjennom ein garasje og vidare gjennom eit gardstun, der han først går tett inntil driftsbygningen og gjennom eit uthus.

På sørsida av kommunegrensa held banen fram som grusveg nokre hundre meter sørover forbi Røykenes. Banetraseen er her lett å følgja. Frå staden der banen kryssar Munkevegen går han som attgrodd sti eit stykke vidare sørover. Vidare følgjer ei strekning der det er bygt asfaltert gang- og sykkelveg på traseen. Gang – og sykkelvegen følgjer banetraseen nesten fram til Søfteland. Traseen ligg på vest- og oppsida for E39 på heile strekninga mellom Kalandseid og Søfteland.

Søfteland – Bergstø – Hetlefloten

Gjennom sentrum av Søfteland kan banetraseen ikkje følgjast i dag. Han går gjennom hagar og hus og deretter over eit jorde, der han er pløyd vekk.

Traseen dukkar opp att i ei skjæring og kryssar ein attgrodd idrettsplass, før han går over i Internatvegen, asfaltert bilveg som er lagt på banetraseen. Ved austre enden av Internatvegen har Osbanen kryssa dagens E39. Den gamle køyrevegen gjekk her på bru over Osbanen – og litt vestanfor dagens kryssingspunkt. Like på austsida av E39 kan du sjå ei flott fylling som Osbanen gjekk på. Vidare sørover over Bergstø er banen godt synleg som ein mykje nytta tursti.

Vidare er om lag ein kilometer av traseen grusa til turveg. Saman med den urørde strekninga som følgjer vidare sørover langs vassdraget er dette den lengste attverande strekninga av Osbanen som enno ikkje er asfaltert. Strekninga byr dessutan på fleire synlege minne frå jernbanetida.

Med i turvegen høyrer Bergstøbrua og fyllinga med bru i Gåsakilen. Bergstøbrua er med eit spenn på åtte meter ei av dei to lengste bruene på Osbanen. To meter skjener er lagt ned på den vesle brua i Gåsakilen. At det var ein kil her mellom Gåssandvatnet og Vindalsvatnet er ikkje godt å sjå i dag, då det har vorte fylt ut mykje mellom vatna opp gjennom åra. Vannstaden vart dessutan senka for ein god del år sidan.

Fyllinga og brua i Gåsakilen, før det vart tilgrodd langs traseen. Foto i 1993: Per Ivar Tautra.
Traseen sørover frå Storestraumen. Foto: Per Ivar Tautra.

Like sør for Gåsakilen ser du traseen frå eit sidespor som gjekk ned til Gåssandvantet. Traseen er framleis godt synleg, der han delvis går på ein svært høg, flott natursteinsmur. Sidesporet var 80 meter langt og vart bygt i juni 1918.

Sørover frå Storestraumen går Osbanetraseen i ei nokså rett linje over ei lengre strekning langsmed Osvassdraget. På innsida av banetraseen kan du eit stykke sørover frå Storestraumen sjå restar etter den gamle vegtraseen. Innanfor Os kommune gjekk nemleg Osbanen og bygdevegen side om side over fleire strekningar, særleg mellom Osøyro og Ulven. Strekninga Bergstø – Storestraumen og eit stykke vidare sørover frå Storestraumen er eit anna døme der bane og veg låg side om side.

Eit stykke av rettstrekninga der bane og veg gjekk side om side sør for Storestraumen, låg banelegemet på ein fin natursteinsmur som enno eksisterer og som du ser godt om du kjem deg på nedsida av banetraseen. På traseen sørover langsmed vassdraget må du leggja merke til banen sitt smale profil, fyllingane og skjeringane.

Hetlefloten – Ulven stasjon

Banetraseen går ved Hetlefloten over i innmark. Banen gjekk tvers over det som i dag er dyrkamark. Det er likevel enno mogeleg å skimta konturane av kvar traseen gjekk.

Gjennom den krappe kurva ved Hetleflotvatnet har E39 slukt banetraseen. Her gjekk i si tid Osbanen og køyrevegen side om side, med banetraseen nærast vatnet.

På Hetlefloten hadde Osbanen grustak til bygging og vedlikehald av banelegemet. Grustaket er framleis godt synleg.

Herifrå og vidare sørover går E39 på banetraseen nesten fram til Ulven stasjon. Den gamle traseen som er godt synleg oppe i lia ovanfor E39 er ikkje Osbanen, men den gamle køyrevegen.

Ulven – Kuven – Osøren

Forbi Ulven stasjon gjekk Osbanen i det som i dag er private hagar. Vidare sørover er banen øydelagd av veganlegg, mellom anna ei stor rundkøyring. Deretter gjekk banen i ei kurve inn mot fjellveggen der det i dag er bygt kommunale servicebustader på traseen.

Gang- og sykkelvegen følgjer Osbanetraseen eit lite stykke, før banen nok ein gong svingde mot høgre og gjekk inn i det som seinare har vorte private hagar. Det finst ingen teikn å sjå til Osbanen i dette området i dag. Banetraseen kom ut mot E39 att ved den tidlegare Rema-butikken. Banen svinga seg deretter i ei kurve heilt ut til breidda av Banktjørna, før han gjekk om lag der gang- og sykkelvegen går forbi Kuven stasjon.

Eit stykke lenger sør skil Osbanen og E39 lag. Banetraseen ligg her som ein grusa turveg for seg sjølv på vestsida av ein bekk som skil banen og riksvegen. Banetraseen kan herifrå følgjast nesten ned til Osøyro. Første del av strekninga er som nemnt grusa, men det meste er asfaltert. Den store fabrikkbygningen som i mange år husa Bahus Fabrikker, ligg tvers over banetraseen. Fabrikken eksisterte i Osbanen si tid, men vart seinare utvida. Nede ved Osøyro har det stått både brannstasjon og bensinstasjon i Osbanen sin trasé, men desse bygningane vart rivne i 2019.