Open stasjon på Stend i 2025

Stend stasjon blir open søndagane 22. og 29. juni og alle søndagane i august.

Meir informasjon er å finna her.

Utforsk Osbanen i flyfoto på Google Maps!

No kan du sjå kvar Osbanen faktisk gjekk på flyfoto. På ei side på Google Maps er Osbanen si senterlinje vist på flyfoto. I tillegg til banen sitt hovudspor er kjende og dokumenterte sidespor innteikna. Representasjonspunkt for alle stasjonane og stoppestadene er plassert på stasjonsbygning eller venteskur. Her kan du zoom inn og gjera deg kjent med Osbanen sin kurverike trasé! Fleire opplysningar vil bli registrert i kartet seinare.
(Publisert 04.02.2025)

Kartet finn du her.

Informasjonsskilt ved sporet bak busstoppet på Stend

Informasjonsskilt om Osbanen er sett opp ved jernbanesporet bak busstoppet vis á vis Stend vidaregåande skule.

For nokre år sidan vart den 50 meter lange kurva frå Osbanen restaurert og nytt spor lagt. Sporet skal vera eit minne om die mange kurvene på Osbanen. Mindre enn 50% av Osbanen var rettlinje. Og banen gjekk faktisk akkurat her – Osbanen følgde terrenget i fleire kurver der Fanavegen og gang- og sykkevelvegen i dag går snorbeint fram. Les meir her.

Langt tog trekt av to lokomotiv fotografert ved Kuven i Os i 1935. Foto: Yngve Willgohs.