Museet Stend stasjon vil vera ope søndagane 22. juni og 29. juni, frå kl. 11 – 15.
Deretter vil stasjonen vera open søndagane 10. 17, 24. og 31. august, frå kl. 11 – 15.
Søndag 24. august er det veteranbildag på Stend stasjon. Medlemer av Bergen Veteranvogn Klubb stiller med flotte veteranbilar av ulike årgangar. Stasjonen er open frå kl. 11 til 15.
Det vil gå veteranbuss mellom Lagunen terminal og Stend stasjon.
Avgang frå Lagunen kl. 11, 12, 13 og 14.
Avgang frå Stend stasjon kl. 11.50, 12.50, 13.50 og 14.50.
Søndag 31. august markerer Osbanens Venner at det er 90 år sidan Nesttun-Osbanen blei nedlagt. Dessutan – og ikkje minst – feirar me at den originale dresinen vår er 100 år i år!
Søndag 19. oktober er museet ope frå kl. 11 til 15. Arrangementet er ein del av Kulturdagane i Fana.
Det blir «Jul på stasjonen» ein søndag tidleg i desember. Dato blir posta på denne sida seinare.
