Stasjonane i dag

Nesttun stasjon

På Nesttun er det i dag eit stort, planert areal der det ein gong var ein stor jernbanestasjon. Osbanen hadde ingen bygninger på Nesttun og heller ikkje fast stasjonert personell der. Osbanen hadde gjennomgåande spor, eit buttspor for omlasting av gods, og ei svingskive. Nesttun stasjon vart driven av Statsbanane, og Osbanen betalte leige til NSB for personell og felles billettering i stasjonsbygningen. Den opphavlege stasjonsbygningen på Nesttun vart for liten og vart flytta til Ygre stasjon i Raundalen, der han framleis står. Den nye stasjonsbygningen på Nesttun, oppført i 1904, vart riven i 1981. Av andre og mindre bygningar som NSB hadde, står framleis eit godshus og ei mjølkebu.

Skjold stoppestad

Skjold var første stoppestad på Osbanen. Venteskuret som stod på Skjold, vart rive då banen vart lagt ned. Det er i dag ingenting på Skjold som vitnar om at det var ein stoppestad der.

Rådal stasjon

Baneformannen fekk kjøpa stasjonstomta med bygningar av Osbanen i 1936. Sidan den gong har stasjonen vore privat bustadhus. Tre generasjonar av same familien eigde og budde i stasjonen frå 1954 til 2009, då Rådal stasjon vart lagt ut for sal.

Eldsjeler som ville hindra Rådal stasjon frå å verta riven, starta då selskapet Nesttun-Osbanen AS med det som føremål å overta stasjonen og utvikla han til eit lokalt kulturhistorisk senter i eit område prega av sterk endring og utbygging. Ved hjelp av lån fra Fana Sparebank kunne stasjonen kjøpast i 2009. I løpet av dei påfølgjande åra klarde aktørane i aksjeselskapet ved iherdig innsats å hindra riving av stasjonsbygningen. I staden vart stasjonsområdet regulert til føremål vern. Derimot klarde dei ikkje å skaffa finansiering til å sanera pantelånet som kjøpet av stasjonen var finansiert med. Dermed fekk ikkje organisasjonen høve til å vidareutvikla stasjonen, heller ikkje tilbakeføra bygningar og tomt til opphavleg utsjånad. I 2018 vart difor stasjonen lagt ut for sal, og for 2019 er eit privat selskap, Rådal stasjon AS, eigar av stasjonen, der føremålet er utleige til bustad, men noverande eigar ønskjer òg å tilbakeføra stasjonen til den utsjånaden han hadde i Osbane-tida.

I tillegg til vaktarbustaden frå 1894 står òg godshuset på Rådal. Godshuset har opphavleg utforming, men har fått to tilbygg, det eine som garasje. Ved den nordre enden av stasjonstomta kan du sjå brukaret frå brua som Osbanen gjekk over. Vegen som i dag har namnet Rådalslien, gjekk under jernbanen her. Legg òg merke til stabbesteinane ut mot vegen. Steinane med jernstaga mellom stammar frå jernbanetida. Mellom to av steinane er jernstaget hengsla slik at det kan etablerast ei opning; Vegen låg lågare i Osbanen si tid, og kjerrer vart trilla inntil muren, som fungerte som ei lasterampe, og det var enkelt å trilla varer mellom kjerrene og toget. Innmålingshuset for mjølk vart fjerna på den tida då banen vart lagt ned.

Stend stasjon

Stasjonsbygningen og stasjonstomta ligg på Stend jordbruksskule sin grunn, og då banen vart lagt ned, vart stasjonsbygningen teken i bruk som lærarbustad for jordbruksskulen. Bygningen vart fråflytta ikring 1970. Seinare byrja forfallet å tæra, men i 1987 løyvde Hordaland fylkeskommune som eigar pengar til nytt tak på bygningen. Frå og med same året har Osbanens Venner hatt leigekontrakt på bygningen og stasjonsområdet. Osbanens Venner har lagt ned mange dugnadstimar på å halda bygningen og stasjonsområdet ved like, og mellom anna er det reetablert eit over 100 meter langt jernbanespor på tomta. I 2011 vart ein vognhall oppført like aust for det opphavlege stasjonsområdet.

Stasjonsbygningen på Stend er den einaste av bygningane frå Osbanen som står att i opphavleg utforming. Berre mindre modifikasjonar er gjort på bygningen etter at banen vart lagt ned, som at eit ekstra vindauge er sett inn i austveggen og det er etablert utvendig kjellartrapp.

Like aust for stasjonsbygningen ligg framleis grunnmuren frå vaskehuset som høyrde til stasjonen, og oppe i lia ligg bassenget frå 1897 som lokomotiva fekk vatn frå.

Solbakken stoppestad

Venteskuret vart i 1935 selt til ein lærar på Stend jordbruksskule. Skuret er for lengst gått tapt.

Fana stasjon

Stasjonen med stasjonsbygning, godshus og ei stort tomt vart selt som bustadhus til stasjonsekspeditøren i 1935. Godshuset stod i alle høve på plassen sin til ut i 1960-åra, men er no for lengst rive. Stasjonsbygningen fungerer framleis som bustadhus, like på sørsida av krysset mellom Kvernabekkvegen og Titlestadvegen. Bygningen er opp gjennom åra både ombygt, påbygt og modernisert og ikkje lett å kjenna att.

Hamre stasjon

Stasjonstomta fungerte i mange år som snuplass for bussane som hadde Hamre som destinasjon. Eit planert, asfaltert areal er stasjonstomta framleis. Både venteskur og innmålingshuset til Bergens Meieribolag var rivne like etter at banen var nedlagt.

Kismul stoppestad

Osbanen hadde her berre ei plattform, som er vekke for lenge sidan.

Kalandseid stasjon

Den opphavlege stasjonsbygningen vart flytta til Fana stasjon i 1908, der han enno står. Kalandseid fekk i 1908 ein mindre bygning i ein etasje. Denne bygningen vart riven ikkje lenge etter at Osbanen var lagt ned. Stasjonsområdet på Kalandseid ligg att som ein stor grusa plass. Midt ute på plassen står eit lite godshus, som i Osbanen sine seinare år fungerte som lager for butikken på Kalandseid. Godshuset er likt Osbanen sine goshus, og kan vera det opphavlege godshuset som Osbanen nytta fram til det i 1908 vart bygt eit hus som romma både venterom, ekspedisjon og godshus. Like på austsida av stasjonstomta ligg den gamle butikken som stasjonsekspeditør Espetvedt oppførde, forutan det private bustadhuset som han i 1890-åra flytta med seg frå Frekhaug.

Søfteland stasjon

Ei flate er alt som er att. Stasjonsbygningen vart riven kort tid etter at banen var lagt ned.

Ulven stasjon

Stasjonen vart i 1935 selt til privat bustad. Bygningen fungerer framleis som einebustad, men er opp gjennom åra noko ombygd og modernisert. Godshuset stod i ein del år som uthus, truleg til ut i 1960-åra, då det ikkje heldt lenger.

Kuven stoppestad

Venteskuret ved Kuven forsvann kort tid etter at banen vart lagt ned. Terrenget rundt Kuven er sterkt omskapt opp gjennom åra, og det er i dag ingen minne etter stoppestaden her.

Osøren stasjon

Stasjonsområdet på Os var det einaste stasjonsområdet Nesttun-Osbanen såg nytte i då banen vart lagt ned, og det vart difor ikkje selt. Baneselskapet åtte difor stasjonen gjennom diverse fusjonar, først som Nesttun-Osbanen AS, sidan som Osbilane og L/L Fana-Os-Milde og til slutt Pan Trafikk AS, før Os kommune kjøpte stasjonen i ………… Rutebilselskapet hadde både administrasjon, oppstillingsplass for bussar og verkstad på det tidlegare stasjonsområdet.

Framleis står både stasjonsbygningen, vognhallen og vognverkstaden. Vognverkstaden vart bygt opp på nytt for ikring 20 år sidan, og rommar i dag ein pumpestasjon for kloakk. Vognhallen vart kledd inn for å nyttast som garasje og verkstad for bussar då Osbanen vart lagt ned, men i seinare år er kledninga fjerna, slik at vognhallen igjen framstår som open konstruksjon med godt synlege søyler som held taket oppe. I stasjonsbygningen er det bunadsverkstad. Inne i vognhallen er det i regi av stiftinga Os kulturutvikling i 2017 oppført eit mindre, lukka bygg på 155 m2, tiltenkt utstillingar, verkstad/altelièr og intimscene for kulturlivet i Os.

Os kommune skifta kledning og måla stasjonsbygningen i slutten av 1990-åra, som eit første steg for å gjera bygningen meir historisk. Framleis har bygningen element av nyare tid, mellom anna er det bygt ein ark med vindauge i loftsetasjen. Det store takutstikket over perrongen vart fjerna allereie eit par før jernbanedrifta vart avvikla.

Dobygningen, godshuset og lokomotivstallen stod i ein del år etter at banen var avvikla, men er for lengst rivne. Lokomotivstallen ville ha stått midt ute i rundkøyringa om han hadde stått i dag. Godshuset ville ha kome delvis ut i vegen. Litt nord for stasjonsområdet låg bygningen som opphavleg var hotell, men som Osbanen kjøpte for å nytta som funksjonærbustad i 1914. Funksjonærbustaden vart riven i 1976.

Osbanen bygde ei bryggje då banen vart bygt i 1890-åra. Bryggja var lenge den einaste ved Osøren, og det stod eit ekspedisjonshus ute på bryggja, og det gjekk spor ut. Bryggja er for lengst vekke, og allereie i 1940-åra byrja utfyllinga utanfor stasjonen. I Osbanen si tid var det kun ein smal veg som skilde stasjonstomta frå sjøen. I dag er det plass til både bensinstasjon, parkeringsplassar og serveringsstader på det utfylte arealet utanfor stasjonen.