Nyhende-arkiv

Veteranbilar på Stend stasjon søndag 25. august  (juli 2013)

Søndag 25. august vert det veteranbil-dag på Stend stasjon. Medlemer frå Bergen Veteranvogn Klubb (BVK) vil stilla med flotte restaurerte og fullt køyrbare bilar frå bestefar sine dagar. Stasjonen vil vera open frå kl. 11 til 15. Under eit foto frå veteranbildagen på Stend i 2010.

Foto: Per Ivar Tautra.

Heile 646.000,- kroner til Osbane-vogna  (15.01.2013)

Rett før jul melde Vestenfjelske Bykreditts Stiftelse at dei har løyvd 200.000,- kroner til dokumentasjonsprosjektet for Osbane-vogna som står på Stend. I slutten av september kom det brev frå Grieg Foundation med melding om at dei ville gi 50.000,- kroner til prosjektet. I tillegg har Bergen kommune Byantikvaren, Os kommune og Norsk Jernbanemuseum nyleg kome med nye tildelingar utover dei tildelingane dei gav for eit år sidan.

Video frå Stend stasjon – sjå toget køyra!  (29.08.2011)

Jenny V. Haugland filma Osbanen i aksjon søndag 28. august 2011.

Norsk Kulturråd løyver 200.000,- til dokumentasjon av vogn  (30.03.2012)

Denne veka vart det kjent at Norsk Kulturråd har vedteke å gi 200.000,- kroner til prosjekt dokumentasjon av vogn CDFo I. Vedtaket inneber løyving av 100.000,- kroner til prosjektet i år og tilsagn om ytterlegare 100.000,- kroner i 2013.

Som tidlegare omtala har Osbanens Venner starta eit nytt stort prosjekt som går ut på å utarbeida dokumentasjon for den unike jernbanevogna som står på Stend.

Osbanens Venner sende søknad til Norsk Kulturråd i november i fjor. Søknaden vart så handsama 6. mars i år i Norsk Kulturråd sitt faglege utval for kulturvern. Det er verd å merka seg at Osbanens Venner i denne omgangen er den einaste mottakaren som har fått tildelt midlar i kategorien ”Tekniske og industrielle kulturminne”.  Interesserte kan sjå lista over tildelingar på Norsk Kulturråd sine heimesider: www.kulturrad.no/tildelinger/kulturvern/prosjektstotte/2012/

Les meir om dokumentasjonsprosjektet her.

Sporet er lagt mellom vognhallen og stasjonen  (24.03.2012)

Laurdag 24. mars vart sporet mellom vognhallen og stasjonen ferdig lagt, mellom anna med ei fin kurve. Sporet vart prøvekøyrt same dagen. 

Les meir om og sjå foto frå hendinga i bloggen om vognhall-prosjektet her.

Foto: Tor Resser.

Restaurerte vindauge i stasjonsbygningen  (20.10.2011)

Den 13. oktober byrja vindaugo på vestveggen av stasjonsbygningen å koma tilbake på plass. Etter at vindaugo vart tekne ut for restaurering tidleg i april, har stasjonsbygningen vore sterkt prega av sponplatene som vart spikra utanfor opningane. Vestveggen er for mange det første møtet med Stend stasjon. Gledeleg er det difor at alle vindaugo no er på plass att.

Trond Oalann ved bygningsverntenesta i Hordaland fylkeskommune har vore utførande og stått for restaureringa. Det er eit flott og nitidig arbeid han har utført. At det tok lenger tid enn pårekna, skuldast at vindaugo var i dårlegare forfatning enn det fylkeskommunen hadde trudd på førehand.

No er mykje fornya, men sjølvsagt er så mykje som mogeleg av det opphavlege brukt vidare. Legg merke til detaljane, det er til og med nytta smidde spiker.

Etter det me har fått opplyst, vil Hordaland fylkeskommune restaurera fleire vindauge i stasjonsbygningen i 2012. Det gler oss stort.

Nye vindauge i stasjonsbygningen  (04.04.2011)

Måndag 4. april starta arbeidet med å skifta vindauge på vestveggen på Stend stasjon. Det er byggeigar Hordaland Fylkeskommune som har rekvirert og kostar arbeidet.

I desember fekk Osbanens Venner melding om at Eigedomsseksjonen i Hordaland
Fylkeskommune, som eigar av stasjonsbygningen på Stend, ville kosta utarbeidinga av ein tilstandsrapport for bygningen. Gjennomgang vart så føreteke 8. mars i år. Konklusjonen er at stasjonsbygningen generelt er i rimeleg god stand, men med nokre unnatak. Av unnataka vart særleg peika på vindauga. Fleire av dei har kort restlevetid, dei er ”i såpass dårleg stand at det snart er malinga som held dei på plass”, som det heiter i rapporten. I rapporten vert det konkludert med at i alle høve seks vindauge må gjerast noko med.

Allereie 25. mars sende så Eigedomsseksjonen gladmelding til Osbanens Venner: Dei hadde vedteke å starta arbeidet med dei fire vindauga på vestveggen, og arbeidet ville starta no i vår. Eigedomsseksjonen som eigar av bygningen ber kostnadene, og ansvarleg utførande vert Trond Oalann ved bygningsverntenesta i Hordaland Fylkeskommune.

Måndag 4. april var bygningsverntenesta på plass på Stend, gjorde seg
kjent med bygningen innvendig og utvendig, og sette opp stillas. Deretter starta arbeidet med å ta ut vindauga. Desse vert tekne til full restaurering.

Osbanens Venner må tåla å ha treplater i dei fire vinaugeopningane på vestveggen ei tid frametter, kan henda til ut i juni, men det skal me godta: Det vert verre ein periode medan me ventar på at resultatet skal verta så mykje betre. Osbanens Venner er svært nøgde med at eit lenge påkravd arbeid no vert gjennomført og ikkje minst med at det vert fagmessig gjort. Faglege prinsipp for bygningsvern vil liggja til grunn for det arbeidet som bygningsverntenesta utfører. Vindauga vil etter innsatsen koma til å framstå i original utføring.

Trond Oalann monterer stillas for å kunna montera ut vindauge for restaurering.
Foto: Per Ivar Tautra.

Kranselag for vognhallen  (02.02.2011)

Onsdag 2. februar 2011 arrangerte Osbanens Venner kranselag for den nye vognhallen som no reiser seg på Stend. Etter gamal skikk skal byggherren halda kranselag når siste sperret er kome på plass, for å syna at han er nøgd med det arbeidet som byggmeisteren har utført.

Les meir om vognhallen og kranselaget her

Jul på Osbanen – og godt nytt år!  (13.12.2010)

Søndag 12. desember 2010 var det god julestemning på Stend stasjon. Osing og poet Jimmy Øvredal, kjent som Villmarkens sønn, underheldt med trekkspel i venterommet. Sjølvaste julenissen  var med i toget og delte ut godsaker til dei minste passasjerane. I tillegg var kunstnarverkstaden i 2. etasje i stasjonsbygningen open. Tilstrøyminga av publikum var overveldande, og stasjonen yra av godt nøgde passasjerar, både store og små.

Veteranbilar møtte toget på Stend  (16.08.2010)

Søndag 15. august hadde museet vitjing av tre veteranbilar frå Osbanen si samtid; ein T-Ford frå 1925, ein Chevrolet 1929 og ein Chevrolet 1933-modell. Bilane tilhøyrer medlemer av Bergen Veteranvognklubb (BVK).

Julenissen tek toget frå Stend!  (04.12.2008)

Søndag 14. desember er det jule-ope på Stend stasjon på gamle Osbanen.

Osbanens Venner inviterer folk til å ta eit avbrekk i den elles travle julestria og heller slappa av med litt kultur og lokalhistorie i den ærverdige stasjonsbygningen på Stend.

Julenissen har lova spesielt at han vil ta turen innom Stend stasjon – og han understrekar at det er fordi han tykkjer det er så gøy å få vera konduktør på toget. Kanskje kan han få gi avgangssignal og dela ut billettar òg, i tillegg til sine faste og tradisjonelle gjeremål som å dela ut godbitar frå den store, grå sekken sin?!

Både jernbanevogn og stasjonsbygning vil vera pynta til jul. Det vert servert gløgg og pepparkaker til dei vaksne, og for dei minste har nissen nokre godsaker på lur. Det uniformerte osbanepersonellet serverer og fortél engasjert om Osbanen si historie. Toget vil køyra fram og tilbake på stasjonsområdet, og såleis skapa litt liv og røre.

Stend stasjon har adresse Titlestadvegen 12 og ligg like ved jordbruksskulen. Stasjonen vil vera open frå kl. 11 til 15.

Sesongstart med tuut-tuut!  (20.05.2008)

Nyleg har Osbanens Venner fått i deponi eit unikt klenodium: Fløyta frå salig damplokomotivet «Bjørnen».

Fløyta heng no til pynt i venterommet på Stend stasjon, og er kopla til ein kompressor som står i det tidlegare kontor-/ekspedisjonsloket bak veggen. Osbanens Venner lovar lyden av ekte lokomotivfløyte på opningsdagane framover! Og søndag 1. juni er altså første dagen då fløyta vert presentert for publikum.

Arne Strønen med fløyta. Foto: Jarl A. Aspaker.

Kort om bakgrunnen: Sildafabrikken Bergen Packing Co på Osøyro kjøpte kjelen frå «Bjørnen» etter at Osbanen var nedlagt. Fløyta følgde med på kjøpet, og ho gjorde i mange år nytte med å gi varselsignal om arbeidsstart, pausar osb. på fabrikken. Då kjelen vart dumpa, for rundt 50 år sidan, fekk Lars Strønen overta fløyta til det private museet han hadde heime på Nord-Strøno i Os. …

Lars Strønen er død, og sonen Arne Strønen har velvillig deponert fløyta til museet på Stend. Ikkje noko anna enn fantastisk er det at fløyta kjem for dagen att og får gi lyd frå seg på Stend stasjon heile 73 år etter at banen vart nedlagt.

Osbanemuseet har også fleire «nye» gjenstandar å syna fram for publikum i 2008: Frå Hilmar Flaterås i Os har museet fått låna ein smøreventil. Også ventilen stammar frå lokomotivet «Bjørnen». Fabrikknummeret er inngravert i ventilen. Og frå Os kommune har museet fått deponert røyrvalser frå lokomotivet «Baldwin». Valsene tilhøyrde i si tid det for lengst avvikla Os Museumslag, og har i mange år lege vekkgøymde på eit lager.

Osbanens Venner er svært nøgde for alt av gamle ting som ikkje har gått fløyten.

Kulturdagane i Fana – open stasjon søndag 19. oktober  (01.10.2008)

Osbane-sesongen er over for i år, men søndag 19. oktober vil stasjonen haldast open i samband med Kulturdagane i Fana. Då vert det på nytt høve til å reisa tilbake i tida, med omvisning og framsyning av film. 
Meir om Kulturdagane i Fana kan du lesa på Bergen kommune sine sider.

Søndag 7. september 2008: Samferdsledag   (01.09.2008)

For tredje året på rad inviterer Osbanens Venner i samarbeid med Historieverkstaden ved Bymuseet i Bergen og kystkulturmønstringa Kystsogevekene til Samferdsledag. Det vert då høve til å reisa frå Bergen til Stend stasjon og Hordamuseet på historisk vis – med veteranbussar og fjordabåt. Stend stasjon vil vera betjent frå klokka 10 til 16. 

Julenissen tek toget frå Stend!  (04.12.2008)

Søndag 2. desember er det jule-ope på Stend stasjon på gamle Osbanen.
Entusiastane i foreininga Osbanens Venner inviterer folk til å ta eit avbrekk i den elles travle julestria og heller slappa av med litt kultur og lokalhistorie i den ærverdige stasjonsbygningen på Stend. – Ein tur til Stend denne søndagen kan utmerka godt kombinerast med ein tur innom Fana Husflidslag si årlege og populære julemesse, som held hus i Bjarghallen på Stend, poengterer formann Egil Jakobsen i Osbanens Venner.

Nytt høvet til å få stempla julekorta dine med Osbanen sitt eige motivstempel, lyder oppmodinga frå Osbanens Venner. I postekspedisjonen i den vaskekte Osbanevogna frå 1894 vil nemleg nissen sjølv sitja og stempla juleposten. Og kanskje har nissen med noko godt i sekken sin.

Både jernbanevogn og stasjonsbygning vil vera pynta til jul. Det vert servert gløgg og pepparkaker til dei vaksne, og for dei minste har nissen nokre godsaker på lur. Det uniformerte osbanepersonellet serverer og fortél engasjert om Osbanen si historie.

Stend stasjon har adresse Titlestadvegen 12 og ligg like ved jordbruksskulen. Stasjonen vil vera open frå kl. 11 til 15.

Sesongstart med tuut-tuut!  (20.05.2008)

Søndag 1. juni 2008 kan du for første gong på mange tiår høyra lyden av fløyta til lokomotivet «Bjørnen». Lyden er ekte vare – fløyta frå det for lengst opphogde loket har kome til museet på Stend stasjon. Les meir her.

Kulturdagane i Fana – open stasjon søndag 19. oktober  (01.10.2008)

Osbane-sesongen er over for i år, men søndag 19. oktober vil stasjonen haldast open i samband med Kulturdagane i Fana. Då vert det på nytt høve til å reisa tilbake i tida, med omvisning og framsyning av film.

Meir om Kulturdagane i Fana kan du lesa på Bergen kommune sine sider her.

Søndag 7. september 2008: Samferdsledag   (01.09.2008)

For tredje året på rad inviterer Osbanens Venner i samarbeid med Historieverkstaden ved Bymuseet i Bergen og kystkulturmønstringa Kystsogevekene til Samferdsledag. Det vert då høve til å reisa frå Bergen til Stend stasjon og Hordamuseet på historisk vis – med veteranbussar og fjordabåt. Stend stasjon vil vera betjent frå klokka 10 til 16. Les meir om arrangementet her.

Nissen går på toget på Stend stasjon  (25.11.2007)

Søndag 2. desember kjem sjølvaste nissen til Stend stasjon. Han har med ein sekk med godsaker, og vil i tillegg sitja i vogna og stempla julepost. Ta ein kvil i julestria og opplev litt kultur og historie. Les meir om arrangementet her.

Osbanen på lufta  (31.10.2007)

RadiOs vitja Stend stasjon og tok toget søndag 28. oktober.

Høyr innslag om Osbanemuseet, les reportasjen og sjå foto på www.radios.no.
(Artikkelen ligg ikkje lenger på nettet).

Osbanen lengre – og høgtidleg (igjen)opna!  (21.10.2007)

Laurdag 20. oktober vart 21 meter av Osbanen «igjenopna». Eller rettare
sagt: 21 meter av det nylagte sporet austover frå stasjonsbygningen vart
høgtidleg teke i bruk. Dei tre første lengdene av det nye sporet var ferdig
spikra tysdagen tidlegare same veka.

Leif Riim, levande interessert i Osbanen sidan siste toget gjekk i 1935 og
seinare mangeårig aktiv i Osbanens Venner, fekk æra av å klippa snora.
Riim fekk takk for sin lange innsats for å ta vare på Osbanen, og særleg
takk for utlånet av sine fem gamle album med foto av Osbanen i drift og for
det arbeidet han gjorde på 1980- og 1990-talet med å berga og restaurera
osbane-vogna som no står på Stend stasjon. Utan Riim hadde det vore korkje museum eller vogn på Stend stasjon i dag, var konklusjonen i den korte talen som Per Ivar Tautra heldt på vegner av Osbanens Venner.

Det er sjeldan det vert opna jernbanar med 750 mm sporvidde her i landet. Så
får det heller vera tilgjeve at sporlengda var kort…  Truleg er det endå
meir sjeldan at opningstoget bakkar over det nye sporet!
Toget vart køyrt fram og tilbake på sporet fleire gonger, til stor glede for
dei frammøtte.

Berre nokre dagar etter opninga vart sporet forlengja med ytterlegare sju meter.

Leif Riim klippar snora. Foto: Per M. Gjelsvik.
Ingvard Aam (t.v.) og Leif Riim i vogna under prøveturen etter den høgtidlege opninga. Foto: Per M. Gjelsvik.

Osbanen vert forlenga  (12.10.2007)

Onsdag 10. oktober 2007 vart betong-fundamentet frå tyskarbrakka aust for stasjonen pigga laus og deretter gravd opp og køyrt vekk. Deretter vart tre lastebillass singel tippa i det som skal verta 50 meter ny trasé for jernbanen. Ein lokal entreprenør, Titlestad Maskin, har gjort jobben på dugnad. Fana Stein har gjeve gratis singel til prosjektet, medan Fana Stein & Gjenvinning vederlagsfritt har teke imot den knuste betongen som fyllmasse.

Osbanens Venner har fått hand om steinane frå det gamle brufundamentet som vart rive ved Rådal stasjon tidlegare på året. Steinane er plasserte langsmed Titlestadvegen aust for stasjonen. På den måten hindrar me uønska parkering inntil stasjonsbygningen. Folk bør forresten leggja spesielt merke til den steinen som no ligg nærmast stasjonsbygningen. Steinen låg tidlegare i botn av brufundamentet, og han har årstalet 1893 innhogge.

Laurdag 13. oktober var eit fire mann sterkt dugnadslag frå Osbanens Venner i fullt arbeid med å leggja spor i den nye traseen. Sviller vart lagt på plass og justerte, og deretter vart skjener laska saman og spikra fast i svillene. Gjengen rakk å leggja to par lengder á 7 meter, men førebels manglar det nokre spiker i den siste lengda før me kan seia at 14 meter bane er ferdig bygt…
Arbeidet gjekk veldig lett takka vera at Titlestad Maskin hadde jamna grusen utover i traseen i om lag passande nivå.

Over helga skal det gravast ut ti meter trasé vest for noverande vestre ende av sporet. Banen vert, når han er forlengja i begge endane, totalt 100 meter lang. Og det er så langt som me kan koma utan større omreguleringar… Sporet skal vera ferdig forlenga før året er omme.

Osbanens Venner takkar bidragsytarane for eineståande hjelp!

Søndag 2. september 2007: «Landliggja» på Stend

For andre året på rad inviterer Osbanens Venner i samarbeid med Historieverkstaden ved Bymuseet i Bergen og kystkulturmønstringa Kystsogevekene til landliggja. Det vert då høve til å reisa frå Bergen til Stend stasjon og Hordamuseet på historisk vis – med veteranbussar og fjordabåt. Stend stasjon vil vera betjent frå klokka 10 til 16.

Landliggja på Stend laurdag 16. september 2006  

Stort arrangement på Hordamuseet og Stend stasjon – Veteranbussar frå Bergen til Stend stasjon og vidare til Hordamuseet, og veteranbåten M/S Eitrheim frå Bergen til Hordamuseet. Les omtale og program her.

Lokomotiv på Stend stasjon  (30.06.2006)

Laurdag 17. juni klokka 10.30 fekk Stend stasjon endeleg eit lokomotiv! Loket vart høgtidleg plassert på sporet med representantar for lokalpressa til stades. Samla var óg medlemer frå Osbanens Venner, entusiastar og ein del tilfeldig forbipasserande. Lokomotivet vert presentert her.

Kjøp aksjebrev i Nesttun-Osbanen!  (24.10.2005)

Originale aksjebrev frå Nesttun-Osbanen er trykte opp, med valørar på 100,- og 1.000 kroner. Dei vert selde til den pålydande prisen. Breva er redigerte litt i høve til originalen, slik at namnefeltet er blankt og kan fyllast ut med namn på ny kjøpar. Dei originale underskriftene til Osbane-direktørane Krüger, Gade og Mowinckel er behaldne.

Osbanens Venner har ein eigen aksjeprotokoll der nummer på aksje og namn på kjøpar vert ført opp.

Aksjebreva er flotte som veggpynt! Ved å kjøpa aksjebrev støttar du opp om foreininga sitt arbeid. Aksjebreva vert også nytta som påskjønningar til personar eller verksemder som bidreg med spesiell innsats eller gåver til foreininga.

No kan du kjøpa opptrykk av originale aksjebrev i Nesttun-Osbanen. Breva vert selde med valørar pålydande 100 og 1000 kroner. Les meir her.

Lokomotiv til Stend stasjon!  (30.01.2006)

Osbanens Venner har slutta avtale med Os kommune om langtidslån av diesellokomotivet ”Os”, som sidan juni 1995 har stått parkert i vognhallen på Osøyro.

Lokomotivet er av det norske fabrikatet Levahn, og vart levert i 1967 til Fana kommune. Loket har Levahn sitt byggjenr. 389. Loket vart oppussa og ombygt i 1994, før Bergen kommune overrekte det som gåve til Os kommune. Loket er pent å sjå til, har sporvidde 750 mm og har adoptert namn frå eitt av lokomotiva på Osbanen; ”Os”. Men der stoppar likskapane med Osbanen. Når Osbanevenene likevel vil ha lokomotivet på Stend, er det fordi det kan tena som ein spennande kulisse, vera med og skapa liv på stasjonen, og gjera miljøet meir levande og interessant. Foreininga vil vera påpasselege med å poengtera at loket ikkje har noko historisk samband med Osbanen. Det eit jernbanemuseum treng, er utan tvil eit lokomotiv, og eit diesellokomotiv er betre enn ingenting.

I januar 2006 pågår ein mindre overhaling av mellom anna motoren, som har stått i ro i elleve år. Nokre ruter i førarhuset må skiftast. Fleire ruter sprakk då vognhallen på Osøyro brann i 1999. Og så trengst det ein del måling. Motoren vert overhala på Osøyro, resten av arbeidet vert utført etter at loket har kome til Stend.

SISTE: Motoren startar fint etter å ha fått nye glødepluggar 30. mai 2006. Loket skal flyttast til Stend stasjon laurdag 17. juni kl. 07.00 (tidleg morgon!).

Osbanen er skilta  (25.10.2004)

Som sitt bidrag til å markera 150års-jubileet for jernbanen i Noreg, har Osbanens Venner sett opp tolv informasjonsskilt langs den gamle osbanetraseen i Fana. Skilta vart høgtidleg innvigde på kulturdagen 24. oktober 2004.

I samband med at jernbanen i Noreg i 2004 kunne markera 150 års-jubileum, valde Osbanens Venner å markera dette på sin eigen måte: Tolv skilt med historisk informasjon vart sette opp ved dei tidlegare haldeplassane og stasjonane langs Osbanen i Fana. Bergen kommune ytte i 2003 eit økonomisk tilskott til prosjektet.

Ingen av dei tolv skilta er like. Kvart skilt har tekst og bilete som fortel om historikken til den konkrete stoppestaden som det er sett opp ved.

Skilta vart fysisk sette ut i terrenget i oktober i år, og på kulturdagen søndag 24. oktober vart skilta offisielt innvigde. Osbanens Venner hadde på førehand invitert skulane i nærmiljøet til å ta del, mellom anna for å gi dei oppveksande generasjonane eit forhold til Osbanen. Klokka 13 vart difor skiltet på Nesttun stasjon høgtidleg avduka av ein elev frå Midttun skule. Klokka 14 var det tilsvarande tilstelning med avduking på Stend stasjon, då med ein elev frå Kirkevoll skule som føretok den viktige handlinga.

Dei tolv skilta er sette opp på Nesttun, Skjold, Apeltun, Rådal, Stend, Solbakken, Fana, Hamre, Selsvik Kismul, Mjelkevik og Kalandseid. Så er det sjølvsagt å vona at skilta får stå i fred for vandalar. Ser du eit skilt som manglar eller som har vorte utsett for hærverk, nøl ikkje med å ta kontakt med Osbanens Venner.

Osbane-kort med førstedagsstempel  (01.08.2004)

I samband med jernbanen sitt 150 års-jubileum i Noreg vart det i vår gjeve ut fleire nye frimerke med jernbanemotiv. Osbanens Venner kan no tilby for sal postkort med førstedagsstempel. Postkorta har dei nye frimerka påklistra på framsida av korta saman med poststempel » BERGEN REISENDE  18 VI 04 «

Korta vert selde for kr. 15,- pr. stk, uavhengig av valøren på frimerka. Dei som ønskjer det, kan få Osbanen sitt eige motivstempel på frimerket.

Vil du senda eit slikt kort til nokon, må du kosta ekstra frimerke og plassera dette på vanleg plass på tekstsida av kortet. Dette kjem utanom dei 15,-.

Me har alle dei nye frimerka representerte og på kort med ulike motiv, men ver merksam på at talet er avgrensa. Samlarar, ikkje nøl!

Kjenner du desse karane?  (01.03.2001)

Dette biletet dukka nyleg opp i eit gamalt album frå Os. Biletet er teke av fotograf Gerhard Berg på Osøyro, i hans eige atelièr og etter alt å døma rundt år 1900. Så er spørsmålet: Kven er dei to kjekke jernbanefunksjonærane? Initialane «NOB» kan lesast på jakkeslaget til funksjonæren til venstre, så det er ikkje tvil om at dette er funksjonærar frå Nesttun-Osbanen. Men kven? Dei opphavelege eigarane av albumet som biletet vart funne i, var ikkje i slekt med nokon av dei tilsette ved Osbanen. Send oss gjerne ein e-post dersom du veit svar.

August 1999:

Ny gang/sykkelveg forbi Stend stasjon vert høgtideleg opna. Den gamle brakka som tyskarane sette opp midt i traseen under siste verdskrigen er no riven og har gjeve plass til sykkelvegen. Stend stasjon hadde i si tid kryssingsspor. No ligg det skinnegang i traseen nærast stasjonsbygningen. I traseen for det andre sporet går sykkelvegen. Ein manglande kneik av sykkelvegen er ferdig og kulturlandskapet er ført eit hakk nærare Osbane-tida.

23. august 1999:

Brann i den gamle vognhallen på Os stasjon. Brannen oppstod i ein del av vognhallen som har vore nytta som lokale for ein skateboard-klubb. Skadene var avgrensa til ein del av hallen og var heldigvis ikkje større enn at hallen vert ståande for ettertida.

Oktober 1996:

Norsk Jernbaneklubb gir ut boka “Fremskrittet som åpnet bygdene – Nesttun Osbanen – en attraksjon som ble borte”. 168 sider, skrive av Per Ivar Tautra og rikt illustrert. Førsteopplaget på 1500 eksemplar sel ut i løpet av eitt år. Nytt opplag året etter.

13. juni 1995:

Eit gamalt diesellokomotiv vert løfta på plass på Os stasjon. Maskina er ei gåve frå Bergen kommune til Os kommune. Loket, eit 8-tonns Levahn-lok med sporvidde 750 mm, har byggeår 1967 og vart i si tid levert til Fana kommune. Fana og seinare Bergen kommune nytta maskina til ulike anlegg, sist i ein kloakktunnel i Arna. Loket vert inntil vidare ståande lagra i vognhallen på Os.

Juni/juli 1994:

Pan Trafikk markerer 100 års-jubileet m.a. ved å gi ut boka “En særdeles hyppig Kommunikation”, skrive av Åsmund Lien. Av dei 192 sidene i boka er om lag ein tredjepart vigde Osbane-tida.

1. juli 1994:

Hundre år sidan Nesttun-Osbanen opna. Markering på Stend stasjon ved at det vart opna museum i stasjonsbygningen Ein gamal draum vert oppfylt for foreininga Osbanens Venner.