Vogn CDFo I

Dokumentasjon av Noregs minste boggipassasjervogn

Osbanens Venner er i gang med eit stort prosjekt som går ut på å utarbeida ein 3d-modell og spesifikasjon for den unike jernbanevogna som frå desember 2011 har stått inne i vognhallen på Stend. Dokumentasjon er viktig for å sikra at vogna kan restaurerast til ei historisk korrekt utføring. Teikningar av vogna manglar, og det må difor utarbeidast nye teikningssett basert på eksisterande vogndelar både på Stend og andre stader, forutan gamle foto, ordrar og spesifikasjonar.

Les meir om vogna her.

Vogn ikkje historisk korrekt oppattbygt

Osbanens Venner har på Stend stasjon teke vare på to halve engelskbygde vognkassar frå Nesttun-Osbanen og sett dei saman på eit provisorisk understell med hjul og boggiar frå ein polsk bane med større dimensjonar enn Osbanen hadde. Den eine halve vognkassen vart i 1984 henta frå Feråsen ved Steinsvik i Fana, der han sidan 1935 hadde stått som hytte. Den andre halve kassen hadde sidan 1935 stått som uthus ved Solstrand hotell i Os, og vart henta til Stend i 1991. Vognkassane ber sterkt preg av å ha levd eit liv utandørs frå 1935 til 2011.

Slik vogna har stått på Stend sidan 1991, er ho eit samansurium av delar, endåtil med element frå vogner av eit anna fabrikat. Dei to halve vognkassene har heller ikkje høyrt saman; den eine halvdelen kjem frå ei rein passasjervogn, den andre frå ei kombinert konduktør/post- og passervogn. I tillegg må understellet byggjast opp på nytt. Hjul og boggiar på dagens vogn kjem frå ein polsk bane, og er av større dimensjonar enn Osbanen hadde, noko som mellom anna gjer seg utslag i at vogna er for tung og ragar 10 cm for høgt over sporet.

Osbanens Venner ønskjer å få vogna istandsett og samstundes føra ho tilbake til ein utsjånad ho faktisk hadde i Osbanen si driftstid.

Oppgåve og mål for prosjektet

Bakgrunnen for oppgåva er at opphavlege teikningar og skildringar frå Oldbury-fabrikken ikkje er funne. Utfordringa er difor å utarbeida ein ny byggjespesifikasjon og rekonstruerte teikningar slik at det vert mogeleg å restaurera vogna så korrekt som mogeleg.

Utgangspunktet for dokumentasjon av vogna vert difor gamle fotografi, skriftlege leveransepapir o.a., i tillegg til den samansette vogna og ein halv vognkasse som Os kommune hadde teke vare på, men som Osbanens Venner fekk overta i 2017. Vidare må dokumentasjonen baserast på lause delar som eksisterer ulike stader.

Med utgangspunkt i dei eksisterande delane, gamle foto og attverande arkivmateriale vil det verta utarbeidd ein 3D-modell og ein spesifikasjon som gjer det mogeleg å restaurera vogna til opphavleg utsjånad.

Prosjektet skal resultera i ein nøyaktig dokumentasjon av korleis CFo-vogna som var blant dei første passasjervognene levert til Nesttun-Osbanen frå England i 1894, såg ut. Vognene vart bygde av The Oldbury Railway Carriage & Wagon Company og representerte delar av eit då heilt nytt og uprøvd system i norsk jernbanebygging. Vognene hadde utgangspunkt i franskmannen Paul Décauville sine idear om lettbygde transportable jernbanar, noko som både i Sverige og Noreg utvikla seg til lettbygde og billege lokale jernbanar for offentlege føremål, «vort jernbanenets bygdeveie».  Eit vesentleg argument for å gripa fatt i oppgåva er at Osbanen sine første passasjervogner, leverte frå England og med fransk førebilete, danna grunnlaget for at den norske fabrikanten Skabo Jernbanevognfabrik i Kristiania seinare kunne levera vogner med dei same løysingane både til Nesttun-Osbanen, Urskogbanen, Hølandsbanen og Sulitjelmabanen, alle med 750 mm sporvidde. Men dei første vognene til Osbanen var både lettare og simplare utførte, og vart difor Norges aller minste boggipersonvogner.

Restaurering av vogn nr 1, litra CDFo, som står i vognhallen ved Stend stasjon, vert eit nytt prosjekt. 

Framgangsmåte

Utgangspunktet for oppgåva er tre, til dels maltrakterte, halve vognkassar av ein gong åtte heile vogner leverte frå England i 1894. I tillegg finst det ei bestillingsliste frå den norske entreprenøren, ingeniør N.N. Sontum, fotografi frå driftstida og fotografi frå einskilde vogner i seinare funksjon som hønsehus og liknande. I dei respektive restane av vognene er det mogeleg å finna detaljar som til saman gir eit heilskapeleg bilete av vognene slik dei opphavleg såg ut. Vidare finst det omtalar av vognene i Osbanen sitt attverande arkiv, og i dei attverande vognkassane ligg alt godt til rette for å utføra fargeanalysar.

For vognkassen vil første del av oppgåva vera dokumentasjon av dei attverande delane. Alle relevante delar (t.d. listverk, benkar, ventilar, vindauge etc som finst lagra andre stader) må vera gjort tilgjengelege slik at dokumentasjonsarbeidet kan skje effektivt. Dokumentasjonen vil i stor grad vera eit forskingsarbeid, då delane er dei einaste fysiske elementa me har tilbake frå dei originale vognkassene.

Ramma må modellerast med utgangspunkt i gamle foto og tilpassing til vognkassen. Ettersom me har handfaste delar av vognkassen, er det rette å modellera vognkassen først.

Då prosjektet starta, trudde me at boggiane som Oldbury nytta til sine vogner, var like boggiane som norske Skabo Jernbanevognfabrik seinare bygde for sine vogner til mellom anna Osbanen. Grunnlaget for denne tanken var korrespondanse i Osbanen sitt arkiv som fortalde at Skabo hadde lånt ein Oldbury-boggi frå Osbanen for å teikna etter då Skabo skulle byggja sine første vogner til Osbanen. Då me i prosjektet byrja å studera gamle foto, oppdaga me tidleg at Oldbury hadde nytta ein heilt annan boggikonstruksjon. Ein eksisterande boggi som liknar på Oldbury-boggiane til Osbanen vart så spora opp på eit museum på Isle of Man. I desember 2016 vart det i NSB sitt arkiv i Riksarkivet funne ein heil arkivboks med korrespondanse mellom Nesttun-Osbanen og NSB-styret. Mykje av korrespondansen handla om godkjenning av rullende materiellsom vedlegg til nokre av breva låg det teikningar, mellom anna hovudteikning av ein boggi frå Oldbury. Ettersom me tidlegare ikkje har kjent til Oldbury-teikningar av Osbane-materiell, er teikninga svært viktig i dokumentasjonsarbeidet. Teikninga er særleg viktig fordi ho stadfestar at ein eksisterande boggi for 914 mm sporvidde på Isle of Man, som me har studert på foto, er av same konstruksjonen som Oldbury-boggiane til Osbanen. Den nyleg oppdaga teikninga syner kun dei grove trekkja i konstruksjonen, men me veit no sikkert korleis boggien er bygt opp, og kan konkludera med at dersom det i framtida skal byggjast ein slik boggi, kan tilstrekkeleg detaljerte byggjeteikningar utarbeidast ved å ta mål og nedskalera boggien på Isle of Man.

Profesjonell bistand

For å sikra kvaliteten i arbeidet, har Osbanens Venner engasjert profesjonell bistand. Det er såleis etablert kontakt med Hardanger Fartøyvernsenter. Fartøyvernsenteret ser sterke likskapar mellom fartøy og jernbanevogner bygde i tre. Vidare har me engasjert firmaet Stål-Consult AS i Kristiansand til å utarbeida 3D-modell av vogna. Dei har særleg kunnskap om eldre stålkonstruksjonar, og vert nytta mellom anna av Jernbaneverket og Statens vegvesen ved etterberekningar og reparasjon av eldre bruer. I 2008 var firmaet ansvarleg for oppfølging av istandsetjingsarbeida på den 75 meter lange Selura bru frå 1901 på Flekkefjordbanen.

Status

Vognkassen er i hovudsak verdig modellert. Det same er ramma. For vognkassen står det framleis att ein del modellering, i hovudsak knytta til det innvendige; plassering av hattehyller, benkar, posthyller og avstand til skillevegg frå endevegg, dimensjonar på liggjande og ståande innvendig kledning, ytterdøra og døra i skilleveggen, forutan utforminga av benkar, hyller og skillevegg. Sjølve oppbygginga av vognkassen og dei utvendige delane er ferdig modellert, med unnatak av skyvedørane til bagasjerommet langs vogna sine langsider. Ei utfordring her er det som ikke er synleg på gamle foto, som feste og oppheng, i tillegg til innsida av dørene. Plassering av alle lampehol og ventilar er heller ikkje endeleg klårlagt.

Det må takast ein del mål innvendig i dei attverande delane av vogn CDFo I, og desse kan takast som dugnadsarbeid av medlemer i Osbanens Venner. Det bør óg gjerast ein jobb med å identifisera dei treslaga som er nytta i dei ulike delane av vognkassen, i tillegg til fargeanalysar.

Slik det ser ut i skrivande stund, har prosjektet nok disponible midlar til å modellera ferdig vognkassen. Det vil fordra meir midlar å produsera byggjeteikningar basert på modellen. Osbanens Venner vil difor jobba vidare med å klårleggja i kor stort omfang detaljteikningar faktisk må føreliggja for at restaurering skal kunna gjennomførast når alle data allereie ligg inne i den digitale modellen.

Finansiering

Pr. 31.12.2018 har følgjande instansar løyvd midlar til prosjektet:

BidragsytarMeddelt datoBeløp kr.
Os kommune24.10.20115 000,-
Bergen kommune Byantikvaren14.11.201141 000,-
Hordaland fylkeskommune02.12.201120 000,-
Norsk Jernbanemuseum21.12.201150 000,-
Norsk Kulturråd27.03.2012200 000,-
Grieg Foundation27.09.201250 000,-
Bergen kommune Byantikvaren17.12.201225 000,-
Vestenfjelske Bykreditts Stiftelse18.12.2012200 000,-
Os kommune30.12.20135 000,-
Norsk Jernbanemuseum07.01.201350 000,-
Os kommune30.12.20135 000,-
Vestenfjelske Bykreditts Stiftelse02.12.201375 000,-
Grieg Foundation06.02.201450 000,-
Os kommune30.12.20158 000,-
Sum784 000,-

Ytterlegare prosjektdokumentasjon

Prosjektrapport i kortversjon kan hentast som pdf her.

Prosjektrapport i fullversjon kan hentast som pdf her.
(NB! Fullversjonen av rapporten er p.t. ikkje oppdatert)