Suvenirar

Osbanens Venner har litteratur, suvenirar og postkort for sal.

Artiklane kan kjøpast på Stend stasjon når museet er ope, eller du kan senda ein e-post til obv krøllalfa osbanen.no, eventuelt eit brev eller kort til Osbanens Venner, Postboks 87 Fana, 5859 Bergen. Oppgi kva du vil ha, namn og adresse. Du vil då få melding tilbake om kva totalbeløpet vil verta (med porto). Utlevering frå Stend stasjon kan òg avtalast. Oppgjer skjer ved førehandsbetaling til konto eller Vipps.

«Unike Osbanen»

Eit lite hefte i hendig format som lett får plass i lomma. I heftet, som Jarl A. Aspaker har skrive og redigert, får du på 36 sider servert ei korfatta, men svært informativ oversikt over Osbanen si historie, med informasjon om stasjonar, vogner og lokomotiv, forutan litt om kva som finst av bevarte objekt frå banen. Heftet er rikt illustrert, med foto i både svart/kvitt og fargar. Heftet vart gjeve ut i juni 2017.

Pris: 100,-.

«Osbaneposten»

«Osbaneposten» laga som ei avis i gamaldags (stort) format på åtte innhaldsrike sider. Avisa er ei flott samling av gamle reportasjar og artiklar om Osbanen frå banen si samtid, frå planlegginga av banen pågjekk, frå Osbanen opna, var i drift og vart lagt ned.

Pris: 50,-.

Aksjebrev

Opptrykk av originale aksjebrev frå Nesttun-Osbanen, med valørar på 100,- og 1.000 kroner. Aksjebreva vert selde til den pålydande prisen. Breva er redigerte litt i høve til originalen, slik at namnefeltet er blankt og kan fyllast ut med namn på ny kjøpar. Dei originale underskriftene til Osbane-direktørane Krüger, Gade og Mowinckel er behaldne. Osbanens Venner har ein eigen aksjeprotokoll der nummer på aksje og namn på kjøpar vert ført opp.

Aksjebreva er flotte som veggpynt! Ved å kjøpa aksjebrev støttar du opp om Osbanens Venner sitt arbeid.

Pris: 100,- / 1 000,-

Jubileumshefte frå 1994

Jubileumsskrift på 12 sider skrive av Oddvar Skre til Nesttun-Osbanen sitt 100 års jubileum 1. juli 1994. Me har framleis ein del eksemplar att på lager.

Pris: 20,-.

Postkort

Ei rekkje postkort med ulike motiv frå Osbanen.

Pris: 10,- pr. stk.

To lokomotiv på Nesttun 1. september 1935. Foto: Yngve Willgohs. Postkort utgjeve ca. 1979. NB! Få eksemplar att.
Tog på veg mot Nesttun passerer Apeltunvatnet. Postkort ugjeve 1990.
Hamre stasjon ca. 1898. Foto: N. N. Sontum. Postkort utgjeve 1990.
Stend stasjon med tog på veg mot Nesttun ca. 1934. Postkort utgjeve 1990 og 1998 (litt ulik trykk).
Nesttun stasjon ca. 1906. Vossetog til venstre, Ostoget bak. Foto: O. Svanøe. Postkort utgjeve 1990.
Lokomotivet «Rotten» med grusvogn og rallarar vinteren 1894. Foto: N. N. Sontum. Postkort utgjeve 1994.
Os stasjon sett frå verandaen på Osørens Hotel ca. 1898. Foto: N. N. Sontum. Postkort utgjeve 1994.
Stend stasjon 1997. Foto: Per Ivar Tautra. Postkort utgjeve 1998.
Os stasjon med personale 1899. Foto: Gerhard Berg.
Kalandseid stasjon 1907.
Ulven stasjon med rekruttar i 1907. Foto: Gerhard Berg.
Nesttun stasjon 1906. Vossetog til venstre, Ostoget bak til høgre. Foto: O. Svanøe.
Stend stasjon sett frå Stendafjellet ca. 1908. Foto: Stavanger Forenede Fotografer.
Rådal stasjon.
Fana stasjon ca. 1908. Foto: Steinkopf Wold.
Kuven stasjon ca. 1904.
Lokomotivet «Ulven» på Nesttun stasjon 1. september 1935. Foto: Yngve Willgohs.