Utstillinga

Det er meir enn to generasjonar sidan siste toget gjekk mellom Nesttun og Os. Den gongen Osbanen vart lagt ned, hadde bevaringstanken ein langt lågare verdi enn i dag. Difor er det nokså tilfeldiog kva som er teke vare på for ettertida. Føremålet med museet på Stend stasjon er å ta vare på og presentera minna og gjenskapa noko av atmosfæren som følgde med Osbanen. Osbanen er ein svært viktig del av den lokale samferdslesoga og eit stykke unik teknisk kulturhistorie.

Foto: GS Foto.

Stasjonsbygningen på Stend vart bygt i sveitsarstil, og stod klar til Osbanen opna i juli 1894. Bygningen er no den einaste av stasjonsbygningane frå Osbanen som står att i si opphavelege utforming. Både interiør og eksteriør er i all hovudsak som for hundre år sidan.

Det gamle venterommet er innreia til eit lite utstillingslokale. Her er det framsyning av levande filmar frå banen, og ein heil del gamle foto og gjenstandar er utstilt. Nemnast må ei samnling med smedverktøy frå banen sin verkstad på Osøyro. I tillegg finst frontlykta frå det eine lokomotivet, ein smøreventil og ymse andre relikvie frå Osbanen sine lokomotiv: Namne- og fabrikkskilt frå lokomotivet «Ulven», bufferbjelke frå eitt av loka, vindauge frå loket «Os» og røyrvalser frå «Baldwin».

Bufferbjelken frå lokomotivet har overlevd fordi ein kar i Os i mange år kunne nytta bjelken som høvelbenk. Ei stor og tung vekt som har stått på Os stasjon, er plassert i hjørnet i rommet. Vekta eksisterer fordi ho i mange år kunne gjera nytte for seg for ein bonde som trengte ho til å vega poteter på. Og slik er soga om mange av objekta frå Osbanen som er tekne vare på: Dei eksisterer fordi dei kunne gjenbrukast.

Utstillinga skal utvidast, idet også det tidlegare ekspedisjonsrommet skal opnast for publikum.

Eit 110 meter langt jernbanespor er bygt oppatt i den gamle traseen framfor stasjonsbygningen. Sviller og skjener har dimensjonar som Osbanen hadde. Faktisk hadde Osbanen dei første åra han var i drift endå spinklare skjener!

På opne dagar kan du på sporet finna ein original sykkeldresin frå 1925. Dresinen tilhøyrde baneformann Peder Nymark. Banepersonellet måtte betala innskot i sine eigne dresinar, og då banen var lagt ned og materiellet gjekk til opphogging, meinte Nymark at dresinen måtte han få behalda, for den hadde han betalt for. Slik vart det, og dresinen hang i mange år på låven til Nymark – og eksisterer difor enno. Osbanens Venner har òg ein nybygt dresin som besøkjande kan få lov til å sykla på.

På somme dagar vert museet sitt lokomotiv starta opp. Lokomotivet er eit dieseldrive anleggslokomotiv frå 1967. Det har ikkje historisk relevans til Osbanen, men har rett sporvidde (750 mm), og kan såleis bidra til å skapa litt liv og røre på stasjonen. Meir om lokomotivet kan du lesa her.

Foto: GS Foto.

Aust for stasjonsområdet står vognhallen som Osbanens Venner fekk bygt i 2011. Inne i vognhallen står den unike passasjer- post- og reisegodsvogna frå 1894. Vogna står for tida nedplukka i delar, men skal restaurerast. Les meir om vogna på denne sida.

I lia ovanfor stasjonen ligg enno vassbassenget som lokomotiva fekk vatn frå. Lokomotiva fylte vatn på Stend på veg til Os, og på Hamre på veg til Nesttun.