Bli medlem!

Osbanens Venner ønskjer alle nye medlemer velkomen, både støttemedlemer og aktive medlemer.

Som medlem får du informasjonsbladet «Osmerro» tilsendt eit par gonger i året, forutan annan informasjon og invitasjon til medlemsarrangement.

Osbanens Venner treng fleire medlemer for å kunna halda foreininga i gang. Kontingenten frå støttemedlemene er ei viktig inntektskjelde. Samstundes treng me fleire medlemer som kan delta aktivt i dugnadsarbeid og til å halda Stend stasjon open for publikum.

Vil du vera aktiv, vil du oppleva eit triveleg miljø saman med andre med felles interesser.

Osbanens Venner har mange mål å jobba etter og viktige oppgåver i åra som kjem. Trass i at det har gått 84 år sidan Osbanen vart nedlagt, er interessa for Osbanen stor. Museet på Stend stasjon kan vidareutviklast, og det er fleire stader behov for å kjempa for å verna den spesielle banetraseen frå inngrep i eit område i utkanten av Noregs største by som er i sterk utvikling.

Medlem kan du verta på følgjande måtar:

  • Betal inn 300,- kroner til bankkonto 3414.18.00738 og merk innbetalinga med namnet ditt og «Nytt medlem». NB! Skriv også på e-postadressa di.
  • Vipps 300,- kroner til Vipps-nummer 108265 (Osbanens Venner) og skriv namnet ditt og «Nytt medlem» som melding.
  • Du kan også senda ein e-post til obv alfakrøll osbanen.no og fortelja at du ønsker å verta medlem.