Sporet ved Stend busstopp

Like bak busstoppet ved Stend vidaregåande skule (jordbruksskulen), om lag 50 meter sør for Hordneskrysset og på austsida av Fanavegen, er det lagt eit nesten 50 meter langt jernbanespor. Sporet ligg i den opphavlege Osbanetraseen og er rekonstruert som eit minne om dei mange kurvene på Osbanen. Sporet kan dessutan fungera som eit utstillingsvindu for det bevarte stasjonsmiljøet på Stend stasjon like ved.

Bakgrunn

Her gjekk faktisk Nesttun-Osbanen. Forbi jordbruksskulen sine grøne, flate enger går i dag Fanavegen beint fram der jernbanen i si tid gjekk i fleire og til dels krappe kurver.

Ingeniør Ole W. Fasting skreiv i 1905 om Osbanen:

 ”Fra Nesttun snegler toget sig afsted opover mod Os, idet afvekslende forenden og bagenden tar ledelsen. Stundom krumbugter toget sig saa uforsvarlig, at alle maa stige af og strække det ud til en ret linje igjen, hvorved man gjerne undersøker, hvor begyn­delsen og hvor enden er blevet af, at ingen af disse yderdele har lusket sig ind i midten af toget eller er gaaet tabt paa veien.”

Store delar av Osbanen sin trasé er opp gjennom åra opparbeidd som bilveg eller gang- og sykkelveg. Gang- og sykkelvegen følgjer i hovudsak banetraseen, men forbi Stend vidaregåande skule har den eine kurva vorte liggjande urørt. På motsett side av Fanavegen vart osbanekurvene pløydde opp for mange tiår sidan.

Osbanen følgde terrenget i størst mogeleg grad. Banen vart bygt som ein billig jernbane, med lett overbygging, smalt profil (planeringsbreidda var tre meter) og mange og krappe kurver. Det gjorde at byggjekostnadene vart monaleg lågare enn om banen skulle ha vore bygt med ein høgare standard. I det nokså flate landskapet på Stend er kurva bak busstoppet ein god illustrasjon på nettopp dette.

Osbanen sin trase innteikna i dagens situasjon. Den sporlagte delen av traseen er merka med raudt.

Kva er gjort

Det var i 2009 at medlemer av Osbanens Venner gjennoppdaga den 50 meter lange parsellen av banetraseen. Osbanens Venner hadde teke på seg å utarbeida digitalt kart over Osbanen for Bergen kommune. Som del av dette arbeidet vart både kart frå prosjekteringa av Osbanen i 1890-åra og historiske foto nytta. Georeferering av gamle kart synte at banen i området ved jordbruksskulen hadde gått i ei kurve lenger aust enn det som var fortalt. Det var eit uventa funn og verka litt underleg. Ei påfølgjande synfaring avdekka likevel det som tydeleg var den urørde traseen frå ei 50 meter lang kurve frå jernbanen. Traseen var noko samansunken og delvis tilvoksen med tre, men elles godt synleg.

I 2012 kom ideen opp om å restaurera traseen. I 2013 vart over 20 tre i og tett ved traseen saga ned ved dugnadsinnsats. Stokkane gjekk til ved, medan Stend vidaregåande skule stilte med traktor med flisekuttar som tok alle greinene.

I februar 2014 vart nordre enden av traseen brått gravd opp og øydelagd av Statens vegvesen sin entreprenør, som skulle forbetra dreneringa langs fylkesvegen. Eit medlem av Osbanens Venner oppdaga skaden før arbeidet var kome for langt, og Statens vegvesen vart varsla. Statens vegvesen var ikkje klar over at eit kulturminne var i ferd med å verta øydelagt, og lova straks å setja området i stand etter inngrepet. Diverre var det fleire ting som var feila. Byggherren hadde verken kontakta grunneigaren eller sjekka om det kunne vera kulturminne i området.

Som avbøtande tiltak stilte Statens vegvesen med ein mann med gravemaskin for ei veke arbeid med restaurering av Osbanetraseen. I løpet av ei veke i mai 2014 vart så arealet tilbakeført, i tillegg til at sjølve banelegemet vart oppattbygt. Saman med gravemaskinen med førar som vegvesenet kosta, arbeidde to personar dugnad i ei heil arbeidsveke. Mellom anna vart det lagt opp ny kantstein og bygt ny underbygging. Kantstein vart levert frå eit lager Statens vegvesen hadde.

I september same året vart det levert grus som ballast og lagt sviller i traseen. Svillene er kappa i same dimensjon som dei svillene Osbanen hadde i den lengste perioden av driftstida. På svillene er det seinare spikra skinner med dimensjon ca. 15 kg/m, som på den Osbanen i driftstida.

Alt arbeidet med å dandera ballasten, leggja sviller og å spikra skinner er gjort ved dugnadsarbeid.

I 2022 monterte Osbanens Venner eit informasjonsskilt ved jernbanesporet. Skiltet er utforma i samarbeid med kulturavdelinga i Vestland fylkeskommune og i deira mal for informasjonsskilt om kulturminne. På skiltet får dei som kjem forbi, både ein kort historikk om Osbanen og kunnskap om kvifor sporet ligg akkurat her. Både Stend vidaregåande skule som grunneigar og Statens vegvesen har godkjent plasseringa av skiltet.