Om Stend stasjon

Stend stasjon var ein av dei viktigaste stasjonane på Osbanen. Under første verdskrigen var Stend den av stasjonane på Osbanen som det reiste flest passasjerar frå utanom endestasjonane. Også som godsstasjon var Stend svært viktig.

Stend stasjon med tog på veg mot Nesttun fotografert ikring 1934. Foto: H. Oma.

Osbanen var ei direkte årsak til at det naturlege sentrumet i Fanabygda flytta seg frå Fanahammeren til Stend. På Fanahammeren var det frå tidlegare både dampskipsekspedisjon, forbruksforeining og postopneri. Passasjerane ville heller reisa med toget enn dampbåtane, mykje på grunn av at det både var rimelegare og ikkje minst at det tok monaleg mindre tid. På jernbanestasjonen på Stend låg dessutan det nye postopneriet i bygda, opna same dagen som Osbanen, 1. juli 1894. Det gamle postopneriet på Fanahammeren vart som eit resultat lagt ned i 1910. Mellom 1894 og 1910 var det forresten slik at all post til og frå postopneriet på Fanahammeren gjekk via Stend stasjon for å verta sendt med Osbanen.

Bøndene rundt Fanafjorden måtte reisa til Stend stasjon når dei skulle senda fersk mjølk til byen, og på det meste var det heile 52 bønder som sende mjølka si herifrå. Jordbruksskulen, som var opna allereie i 1866, forårsaka óg mykje trafikk, både av passasjerar og gods. Mellom anna sende skulen ein heil del planter med banen. Stend stasjon vart såleis eit viktig knutepunkt for innbyggjarne ved Fanafjorden.

Til opninga av Osbanen vart det på Stend oppført vaktarbustad, vedskur og dobygning. Alle bygningane var like bygningane som samstundes vart oppførde på Ulven, Kalandseid og Rådal. Stend var den første stasjonen på Osbanen som fekk kryssingsspor; eit gjennomgåande sidespor vart bygt i august 1894. Godshus vart oppført i 1909. Dette inneheldt også innmålingsstasjon for mjølk.

Ovanfor stasjonen vart det hausten 1897 opparbeidd reservoar for vatn til lokomotiva. Det var berre damplokomotiv som trafikerte Osbanen, og på Stend fekk sørgåande tog fylla vatn. Frå bassenget gjekk det ein vassleidning ned til ein stender, eit røyr med krane på, som stod opp frå bakken mellom jernbanespora litt aust for stasjonsbygningen.

I 1897 fekk stasjonsekspeditør Lars Arne for eiga reikning byggja eit vaskehus på oppsida av banen. Huset inneheldt både vedlager, løe og vaskerom med grue. Osbanen kjøpte huset av enkja etter ekspeditør Arne i 1904, då huset vart vurdert som uunnverleg for stasjonen.

Stasjonsbygningen vart utnytta på følgjande måte: I første etasjen var det kontor/postopneri, venterom og kjøken, medan annenetasjen vart nytta som husvære for stasjonsekspeditør med familie. Osbanen fekk ei årleg leigeinntekt på 300 kroner frå Postverket for bruk av bygningen som postopneri.

Stasjonsekspeditør Lars Tøsdal forstod tidleg at Osbanen ville verta nedlagt. Han var redd for å verta huslaus, og difor bygde han allereie i 1930 eit eige bustadhus like ved stasjonen, der han straks flytta inn. Tøsdal sitt hus er det store raude huset som ligg tvers over vegen for stasjonen.

Etter at Osbanen var lagt ned i 1935 vart Stend stasjon kjøpt av jordbruksskulen. I mange år vart stasjonsbygningen nytta som lærarbustad. Så vart bygningen ståande tom ein del år, og forfallet kom raskt. Bygningen stod etter kvart i fare for å verta riven, men vart etter påtrykk frå Osbanens Venner likevel teken vare på. I 1987 løyvde byggeigar Hordaland fylkeskommune pengar til nytt tak, og frå same året har Osbanens Venner fått leiga stasjonen. Frå 1994 har Osbanens Venner hatt museum i det gamle venterommet. I andre etasje i stasjonsbygningen har Osbanens Venner kontor og styrerom i det minste soverommet, medan den store salen vert nytta som forsamlingslokale.

Vognhallen aust for det opphavlege stasjonsområdet vart oppført av Osbanens Venner i 2011 for å ta vare på den unike Osbanevogna frå 1894.

Godshuset, dobygningen og vaskehuset er for lengst rivne, men grunnmuren frå vaskehuset ser du framleis, litt aust for stasjonsbygningen og på innsida av gang- og sykkelvegen. I lia oppe i skogen kan du framleis finna bassenget som lokomotiva fekk vatn frå. Det er lett å finna og ligg på høgre side om du følgjer skogsvegen oppover.

Vinter på Stend stasjon i 2011. Foto: Per Ivar Tautra.