Fabrikkskilt og fløyter frå Osbanen

Det er ikkje mindre enn 84 år sidan Osbanen vart nedlagt. Likevel skjer det framleis at det dukkar opp originale objekt frå den gamle banen. I juni i år dukka plutseleg det originale fabrikkskiltet frå lokomotivet «Bjørnen» opp på ein auksjon på internett. Råd til å by på skiltet hadde Osbanens Venner i utgangspunktet ikkje, men heldigvis melde det seg ein bidragsytar som gav oss tilsagn om ein sum som me kunne by for. For å gjera ei lang historie kort: Osbanens Venner fekk hand om fabrikkskiltet. I tillegg fekk me med to konduktørfløyter som òg har vore brukt på Osbanen!

Osbanens Venner er svært glad for at fabrikkskiltet har kome inn i samlinga. Me har no skilt frå alle dei tre Mallet-lokomotiva som trafikkerte Osbanen. Som skiltet syner, var lokomotiva bygde i Belgia.

Publisert 15.09.2019