Kva ser du på Stend?

Det er meir enn to generasjonar sidan siste tog gjekk mellom Nesttun og Os. Den gongen banen vart nedlagt, hadde bevaringstanken ein langt lågare verdi enn i dag. Føremålet med museet er å ta vare på minna og kanskje gjenskapa noko av atmosfæren som følgde med Osbanen. Osbanemuseet er ein viktig del av den lokale samferdslesoga og eit stykke teknisk kulturhistorie.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Foto: GS Foto

Stasjonsbygningen på Stend vart bygd i sveitsarstil, og stod klar til Osbanen opna i juli 1894. Bygningen er no den einaste av stasjonsbygningane frå Osbanen som står att i si opphavelege utforming. Både interiør og eksteriør er stort sett som for hundre år sidan. Bygningen stod i 1980-åra sterkt for fall, men i 1987 fekk foreininga Osbanens Venner leigeavtale på bygningen. Hordaland fylke løyvde 85.000 kroner til nytt tak, og seinare har Osbanens Venner lagt ned mykje dugnadsarbeid for å setja stasjonen i god stand att. 

Osbanens Venner har innreidd det gamle venterommet til eit lite utstillingslokale. Her er det framsyning av levande film frå banen, og ein heil del gamle bilete og gjenstandar er utstilt. Nemnast må ei samnling med verktøy frå banen sin verkstad på Osøyro. I tillegg finst her lykter og flagg, og ymse relikvie frå Osbanen sine lokomotiv: Namne- og fabrikkskilt frå lokomotivet "Ulven", bufferbjelke frå eitt av loka, vindauge frå loket "Os" og røyrvalser frå "Baldwin". Elles er det oppretta brevhus i stasjonen. Her kan besøkjande få kjøpt frimerke og postkort. Kort eller brev som vert postlagt på stasjonen, vert stempla med museet sitt eige motivstempel.

Billett til museet på StendEit 70 meter langt jernbanespor er lagt ut i den gamle traseen framfor stasjonsbygningen. På sporet står ein original sykkeldresin frå 1925. Her står óg museet sitt største klenodium; ei tredjeklasse/ postvogn bygd i Birmingham, England i 1894. Halve vognkassa vart i februar 1984 henta med helikopter frå Steinsvik i Fana. Der hadde ho eit halvt hundreår stått som hytte. I februar 1992 vart ei anna halv vognkasse henta frå Solstrand Hotel i Os. Dei to halve kassene er no skøytte saman til ei heil vogn. Hjul og boggiar er kjøpt inn brukt frå ein bane i Polen, og Os Yrkesskule har rekonstruert ramma. Vogna er spesiell; ho er den eldste bevarte vogna frå Osbanen, men er i tillegg Noregs minste boggipassasjervogn. Post- og konduktøravdelinga opptek ein stor del av plassen i vogna. Osbanen hadde tre slike kombinertvogner. I tillegg fanst det tre vogner som var delte i 2. og 3. klasse-kupear, med 13 plassar på 2. klasse og 19 på 3. klasse. Dei ni andre personvognene hadde ein gjennomgåande kupé med 3. klasse og 32 sitjeplassar. Nokre av vognene fekk sett inn ein liten koksomn for oppvarming og vinteren, og talet på sitjeplassar var då 30. Ta plass på ein av dei små trebenkane i vogna, og du vil kjenna korleis det var å reisa på 3. klasse i gamle dagar. Bergens Tidende skildra i 1894 Osbanen sine vogner som "bekvemme og hyggelige, smaa Dukkestuer." Ytterlegare opplysningar og skisser av vogna finn du her.

I lia like ovanfor stasjonen ligg enno vassbassenget som lokomotiva fekk vatn frå. Lokomotiva fylte vatn på Stend på veg til Os, og på Hamre på veg til Nesttun.

På somme dagar vert museet sitt lokomotiv starta opp - og skapar liv og røre på stasjonen.


Foto: GS Foto