Spor etter Osbanen ...

Traseen
Alle jernbaneskjenene vart fjerna i 1936. Likevel er det framleis mogeleg å finna att det meste av den gamle banetraseen.

I 1980 vart størsteparten av Osbanen sin gamle trasè innanfor Fana kommune regulert til gang- og sykkeveg. Store delar av traseen er seinare rusta opp og asfaltert. I dag er det mogeleg å nytta Osbanen som sykkelveg samanhengande frå Nesttun til Kismul, ei strekning på 12,7 kilometer. Heile strekninga er asfaltert. 6,1 kilomter av strekninga er nytta til bilveg i kombinasjon med sykkelvegen, men det er her snakk om lite trafikkerte vegar. 

Osbanen som gang- og sykkelveg ved Kalandsvatnet i 2005.

Strekninga frå Selsvik ved Kalandsvatnet og fram til Ytre Sandvika vart opparbeidd til sykkelveg i 2002 og høgtidleg opna i april 2003. I 2008 vart sykkelveg opna på traseen ytterlegare om lag ein kilometer langs vatnet, forbi Kismul. Det er den delen av banetraseen som sist vart oppgradert. Også strekninga heilt fram til Kalandseid er regulert til gang- og sykkeveg, men mellom anna pengemangel har forseinka prosessen. Etter planen skal traseen opparbeidast i 2009. Det er mogeleg å ta seg fram til fots på denne delen av traseen, men ha med støvlar! Nokre strekk er overgrodde, eit par andre stader har traseen vorte omdanna til myr.

Frå Kalandseid går traseen gjennom privat innmark nedover mot Røykenes og kommunegrensa. Ei kortare strekning mellom Tømmernes og Søfteland er asfaltert som gang- og sykkelveg. Heile vegen frå Kalandseid til Søfteland går traseen på oppsida av riksvegen. Ved Storestraumen straks sør for Søfteland er om lag ein kilomter av traseen grus til turveg. Med i turvegen høyrer Bergstøbrua og fyllinga i Gåsakilen. To meter skjener er lagt ned på den vesle brua i Gåsakilen.


Restar etter stasjonarStasjonsbygningen på Osøyro i desember 1999, etter at tilbakeføringsarbeidet har starta.
Osøyro finn du både stasjonsbygning, vognhall og vognverkstad. Det er i dag Os kommune som eig bygningane. Ein prosess som går ut på å føra stasjonsbygningen tilbake til 1894-utsjånad er i gang, men har teke tid på grunn av dårleg kommune-økonomi. Ein del fint utskore listverk med utskjeringar er kome på plass, i tillegg til at heile bygningen er måla med dei opphavelege fargane. Det har dessutan vore meininga å leggja ned nokre jernbanespor på stasjonsområdet.

Vognverkstaden på Os, slik han ser ut medan han no står og pumpar drit i samfunnet si teneste.

Den gamle vognverkstaden måtte i utgangspunktet gi plass for ein kloakk-pumpestasjon, men det løyste seg ved at verkstaden vart eksteriørmessig restaurert. Innvendig er ingenting teke vare på, og kloakkpumpestasjonen er plassert her. 

 

 

Vognhallen var i Osbane-tida ein open konstruksjon med flotte søyler som heldt taket oppe. Hallen vart kledd inn i 1930-åra. Over 60 år seinare vart kledninga fjerna att, slik at dei gamle søylene på nytt kom til syne. Kommunen har gjeve Os kulturutvikling bruksrett til vognhallen, og dei ønskjer å byggja hallen om til eit senter for kunst, brukskunst og liknande. Innanfor det gamle reisverket skal det byggjast eit moderne verkstads- og aterlierbygg med glasfasade ut mot fjorden. Søylerekkja ut mot riksvegen vert liggjande utanfor, og vert såleis ståande synleg også i framtida.

I Ulven-skiftet står enno stasjonsbygningen (Ulven stasjon), men noko modernisert. Han er måla kvit og gjer i dag teneste som privat bustadhus. Kalandseid er alle Osbanen sine bygningar fjerna. Ein stor grusplass er det som er att av stasjonsområdet. Ute på plassen står eit lagerskur som landhandelen i si tid fekk varer i. Baneformann Espetvedt sitt private bustadhus står like ved sida av stasjonstomta. Hamre gjer den tidlegare stasjonstomta nytte som snuplass for bussane. Hamre bru ligg her enno, men er påbygd og forsterka. Stasjonsbygningen står enno på Fana stasjon (ved krysset Titlestadvn/Kvernbabekkvn), men er påbygd og sterkt modernisert og ikkje så lett å kjenna att. Også Fana stasjon tener som privat bustadhus. På Stend finn me den einaste av stasjonsbygningane på Osbanen som står att i opphaveleg form. Sjå eiga side om museet på Stend. Stasjonsbygningen på Rådal er i bruk som privat bustadhus. Han er modernisert. Godshuset står i si opphavelege form, men har fått eit tilbygg.


Rullande materiell
Ei original konduktør/post/personvogn står utstilt på Stend stasjon.

Norsk Jernbanemuseum på Hamar står to personvogner. Dei vart ved nedlegginga av Osbanen i 1935 selde til Urskog-Hølandsbanen saman med sju godsvogner. Vognene var i trafikk på UHB til banen vart lagt ned i 1960. Godsvognene vart då brende/hogde opp, medan dei to personvognene vart overførde til Jernbanemuseet på Hamar. Kvar sommer er vognene i bruk i museet sitt vesle "Tertitt"-tog. Såleis er det mogeleg å gjera ei lita reise i osbanevogner. Vognene gjekk gjennom ei omfattande restaurering i 1994 og 1995, og er i dag nydelege å sjå til.

På Jernbanemuseet på Hamar finst dessutan eitt av namneskilta frå lokomotivet "Bjørnen". To fabrikkskilt frå "Bjørnen" finst i privat eige i Bergen og Os. Osbanens Venner har stilt ut ein kopi av eitt av dei. På Stend kan du óg sjå frontlykta frå eitt av lokomotiva. Osbanens Venner har vidare originale namne- og fabrikkskilt frå lokomotivet "Ulven", i tillegg til ein bufferbjelke. Hilmar Flaterås i Os er eigar av ein smøreventil frå "Bjørnen", og ventilen er utlånt til museet på Stend. Museet  har òg utstilt front-vindauga frå lokomotivet "Os" og røyrvalser frå lokomotivet "Baldwin". Vindauga og røyrvalsene er det Os kommune som eig. Dampfløyta frå "Bjørnen" finst òg på Stend - om fløyta er meir å lesa her.

Os kommune har teke vare på ei halv vognkasse frå ei av Oldbury-vognene frå 1894. Kassen ligg førebels demontert på eit kommunalt lager, men meininga har vore å på sikt laga ei lita samling med dokumentasjon over Osbanen i den gamle vognhallen på Os. Der vil den halve vognkassen vera ein naturleg del. Elles står framleis ei heil vognkasse bygt av Skabo Jernbanevognfabrik i 1907, som uthus i ein hage på Kismul ved Kalandsvatnet. Ein del originale benkar står framleis i vogna.