Soga om Osbanen

Tekst: Per Ivar Tautra

Eigne sider om:
Stasjonar og stoppestader
Lokomotiva
Vognene

Frå idé til opning
Planane om å byggja jernbane til Os kom opp etter at Vossebanen var opna i 1883 og folk såg fordelane med det nye kommunikasjonsmiddelet. Argumenta for å byggja ein jernbane til Os var i hovudsak å knytta dei rike landbruksområda i Midthordland saman med Bergen. Behovet for lettare avsetning av landbruksprodukt var stort. Kjøpmenn i Bergen var på si side interesserte i at fleire skulle koma til byen for å kjøpa og selja varer. Områda rundt Bjørnefjorden var dessutan ynda feriemål for byfolk, og ein jernbane ville gjera det lettare å nå desse områda. Dampbåtane mellom Bergen og Bjørnefjorden gjekk berre nokre turar i veka, og med dei raskaste båtane tok turen Bergen-Os fire timar.

I 1891 vart det innbydd til teikning av aksjar i den planlagde jerbanen Nesttun-Os. Dei største private aksjonærane vart konsul Fredrik Georg Gade og kjøpmann Johan A. Mowinckel, båe frå Bergen. Os heradstyre viste stor interesse for prosjektet ved å teikna aksjar for heile 25.000 kroner. Første generalforsamling i A/S Nesttun-Osbanen vart halde 9. juli 1891.

Anleggstog på fyllinga i Gåsakilen sør for Søfteland, vinteren 1894. Foto: N. N. Sontum.  Anleggstog i Eikhaugen grustak på Søfteland, vinteren 1894. Foto: N. N. Sontum.  Klikk for større bilete.


Anleggsarbeidet tok til i mai 1891. Vel 120 mann tok del i arbeidet, fordelt på 21 arbeidsstader. Ingeniør N. N. Sontum var kontraktør for anlegget, og hadde teke på seg å levera heile banen ferdig med materiell til ein samla pris av 500.000 kroner.

Osbanen skulle byggjast på billigaste måte. Sporvidda var 750 mm, smalaste sporvidda som har vore nytta til ordinær jernbanetransport her i landet. Osbanen vart elles prega av ei mengd krappe kurver. Minste kurveradius vart sett til 50 meter. Ved å leggja banen i krappe kurver rundt høgdedrag unngjekk ein sprenging av dyre tunnelar og bygging av bruer. Banen fekk ikkje ein einaste tunnel, og dei lengste bruene (Hamre og Bergstø) hadde eit spenn på 8 meter kvar. Ulempa med den smale sporvidda var låg toppfart (25 km/t) og sporbrot på Nesttun stasjon. På grunn av at Osbanen fekk ei anna sporvidde enn Vossebanen, måtte alt gods lastast om på Nesttun. Omlastinga gjorde godstransporten både tungvint og fordyrande.

Den nye jernbanen tok av frå Nesttun stasjon på Vossebanen, og gjekk sørover gjennom Fana og Os, med endestasjon ved strandstaden Osøyro, eller Osøren som namnet vart skrive den gongen. Dei andre stasjonane og stoppestadene på Osbanen var Skjold, Rådal, Stend, Solbakken (oppretta 1927), Fana, Hamre, Kismul, Kalandseid, Søfteland, Ulven og Kuven.

Den 1. juli 1894 vart Nesttun-Osbanen høgtideleg opna for trafikk. Omlag 250 menneske var med det første toget til Os, og på Osøren var det møtt fram den største folkemengda som til då var sett i bygda. Banen var eit stort framsteg for bygdene. Med toget kunne folk reisa fram og tilbake mellom Os og Bergen på dagen, og reisetida var meir enn halvert samanlikna med dei snøggaste dampbåtane. Bortimot to timar tok togturen Bergen-Os, medrekna togbytting og venting på Nesttun. Billetten for ein togtur var endå til billigare enn med dampbåt.

Os stasjon med personale i 1899. Foto: Gerhard Berg.  Os stasjon sett frå sjøen i 1890-åra. Foto: N. N. Sontum.


Dei første åra - tronge tider

Trass fordelane, Osbanen fekk ein trang start. Kostnadene ved anlegget hadde vorte høgare enn budsjettert. Det måtte difor takast opp lån for å finansiera bygginga. Renter og avdrag var med på å skapa raude tal i rekneskapen. Dessutan viste det seg at skinnegangen var for spinkel. Solslyng førekom ofte, og lokomotiv- og vognhjul vart utsette for stor slitasje. Vognhjula var dessutan av svært dårleg kvalitet. Alt etter to månaders drift måtte samtlege 64 personvognhjul skiftast ut.

Trafikken med banen var større enn venta. Følgjeleg vart óg inntektene høgare enn venta, men det same vart utgiftene. Banen gjekk med underskot dei første åra. Alt hausten 1902 vart det halde ekstraordinær generalforsamling for å avgjera om selskapet skulle meldast konkurs og drifta innstillast. Generalforsamlinga valde å halda fram eit år til, i von om betre tider.


Fram mot første verdskrigen - trafikken aukar

Og dei betre tidene kom. Frå 1902 og utetter hadde Osbanen ein sterk auke i trafikken. Økonomiske oppgangstider gjorde at folk fekk betre råd, og fleire reiste med toget. Etter kvart vaks det fram industri i Os, og nøytralitetsvernet førte til auke i transporten av soldatar og materiell til og frå ekserserplassen på Ulven. Trafikken med banen auka sterkt under første verdskrigen og kulminerte i 1918. I toppåret 1918/19 frakta Osbanen 222.687 passasjerar. Same året vart det frakta 9.048 tonn gods.

Med trafikkauke kom óg auke i inntektene. Osbanen gjekk med overskot frå 1901 til 1924. Pengane gjekk til naudturftige utbetringar og innkjøp av nytt materiell. Nye skinner (15 kgs) vart lagt inn på heile banen i åra 1909-1912, stasjonsbygning vart sett opp på Søfteland, stasjonsområdet på Osøyro vart utvida, fire nye godsvogner og tre personvogner vart kjøpt inn. Eit nytt og større lokomotiv vart kjøpt frå USA i 1917.

Kalandseid stasjon sett frå sør vinteren 1907. Hovudsporet mot Nesttun svingar av mot venstre.  Baneformann Peder Nymark med pumpedresin ikring 1920.


Bilane konkurrerer ut banen

I 1920 byrja den første bilruta å frakta passasjerar mellom Os og Bergen. To år seinare vart det starta bilrute på strekninga Bergen-Nesttun-Sagenes. Same året kom endå ei bilrute i trafikk mellom Os og Nesttun. Bilane hadde fleire fordelar samanlikna med Osbanen. For det første var reisetida med bil Bergen-Os berre 1 time og 20 minuttar, mot bortimot to timar med toget. Noko av årsaka til dette låg i at bilvegen Bergen-Os var seks kilometer kortare enn den kurverike jernbanen. Lastebilane kunne køyra varer frå dør til dør, medan toget var bunde til å følgja sporet sitt. Det var difor ikkje merkeleg at rutebilane vart ein stygg konkurrent for Osbanen. Frå toppåret 1918 sank talet på reisande med Osbanen til omlag ein sjettepart i 1930. Godstrafikken vart i 1920-åra nesten halvert. Frå 1925 hadde Osbanen raude tal i driftsrekneskapen.

Direksjonen for Osbanen valde å løysa inn og ta over ei av bilrutene for å prøva å sikra kontrollen over trafikken i området. Osbanen hadde konsesjon på rutebildrift mellom Os og Bergen frå 1927. I ettertid har Osbanen vorte kalla "Banen som utkonkurrerte seg sjølv". Banen sine eigne rutebilar var nemleg med på å utkonkurrera jernbanen!


Nedlegging og sal

Ekstraordinær generalforsamling i A/S Nesttun-Osbanen 21. februar 1935 vedtok å innstilla jernbanedrifta frå 1. september same året. Det synte seg umogeleg å halda fram med jernbanedrifta, då trafikktala gjekk berre nedover.

Søndag 1. september 1935 var siste dagen Osbanen gjekk. Mange, både bygdefolk og bergensarar, ville nytta høvet til å reisa med Osbanen for siste gong. Det vart køyrt ekstratog, og alle vognene var i bruk. Bortimot 2.000 personar reiste med banen denne siste dagen.

I 1936 var alle spor etter Osbanen fjerna, bokstaveleg talt. Alt overflødig materiell vart avhenda. Lokomotiv og vognunderstell gjekk til skraphandlaren, vognkassene vart selde som hytter, arbeidsbrakker, uthus og liknande. To personvogner og sju godsvogner vart selde til Urskog-Hølandsbanen. Dei to personvognene står i dag på Norsk jernbanemuseum på Hamar. Osbanetraseen er i dag gang- og sykkelveg frå Nesttun til Hamre. Traseen vidare frå Hamre til Kalandseid er regulert til turveg, men førebels ikkje opparbeidd.


Etterord

Osbanen har i ettertid vorte hugsa i hovudsak for sine små lokomotiv og vogner og låge toppfart. Banen var i si tid eit ynda objekt for vitsemakarar, og mange av sogene lever enno på folkemunne. Det er difor viktig å understreka at Osbanen var eit stort framsteg den gongen han opna. Før bilane og bussane konkurrerte ut banen i 1920-åra, hadde han gjort stor nytte for distriktet sitt. Banen betra kommunikasjonen mellom Os og Bergen, og skapte såleis grunnlag for nye tiltak innan handverk og industri. Fleire busette seg i Os, og turisttrafikken auka sterkt. I dei 41 åra Osbanen var i drift frakta han 4.447.192 passasjerar, 41.065 tonn ilgods, 122.797 tonn fraktgods og ca. 10.000 husdyr. Banen sine totale inntekter desse åra var til saman 4.036.521,66 kroner, utgiftene 3.878.692,86 kroner.