Diesellokomotivet "Os"

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Foto: GS Foto

For å ta det først som sist: Lokomotivet som står, putrar og går på Stend stasjon har inga historisk tilknytning til Osbanen. På Osbanen var det utelukkande damplokomotiv som vart nytta. Loket som no står på stasjonen, er eit diesellokomotiv som er bygt 32 år etter at banen vart nedlagt...!

Loket er pent å sjå til, har sporvidde 750 mm, same profil som Osbanen sitt originale materiell, og har adoptert namn frå eitt av lokomotiva på Osbanen; ”Os”. Men der stoppar altså likskapane med Osbanen. Når loket likevel står på Stend, er det fordi det kan tena som ein spennande kulisse, vera med og skapa liv på stasjonen, og gjera miljøet meir levande og interessant. Det eit jernbanemuseum treng, er utan tvil eit lokomotiv, og eit diesellokomotiv er betre enn ingenting.

Lokomotivet er bygt av Levahn Mek. Verksted i Oslo hausten 1967. Kunden var Fana kommune, som kjøpte to lok for å bruka dei til å trekkja vaggar med steinmassar ut av kloakktunnelane. Etter at Fana kommune vart innlemma i Bergen i 1972, sorterte jernbanemateriellet under Anleggsseksjonen i Bergen kommune. Dei siste åra lokomotiv og vogner var i bruk, var i kloakktunnelen i Arna, tidleg på 1980-talet.

Loket vart oppussa og ombygt i 1993-95, før Bergen kommune høgtidleg overrekte det som gåve til Os kommune i juni 1995. Meininga var at Os kommune skulle nytta loket på eit framtidig osbanemuseum på Osøyro. Difor fekk loket namnet "Os". Nytt og større førarhus erstatta det opphavlege, som både var halvope og mykje lågare. I tillegg vart loket gjort noko breiare for å få same profil som Osbane-materiellet. Det har ikkje vorte bruk for loket i Os, og Osbanens Venner har difor slutta avtale med Os kommune om langtidslån av lokomotivet, som frå juni 1995 til juni 2006 stod parkert i vognhallen på Osøyro.

Under: Levahn Mek. Verksted si katalogteikning av det opphavlege loket.

Tekniske data diesellokomotivet "Os":
Fabrikat: Levahn Mek. Verksted, Oslo
Byggjeår: 1967
Fabr. nr. 389
Vekt 8 tonn
Modell-namn: "Type 76"
Motor: Deutz luftkjølt V6 type A6L 714 nr. 4628 419.
Effekt: 105 HK
Transmisjon: Twin Disc converter, reduksjonsgear og kjedetrekk
Ombygt: Av elevar frå Askøy vgs., ved Mjellem & Karlsen Verft, 1993-95. Nytt overbyggg og førarhus.